Skandale-regjering

At folk aldri lærer.

Som venta er den nye regjeringa full av potensielle skandalar. Som venta er den store skandalen at fleire av dei nye statsrådane har meint ting. Og ofte sagt kva dei meiner. Høgt.

Nokre av dei har til og med meint oppsiktsvekkande ting. 

Og som venta er det statsrådane frå det vesle partiet i regjeringa som har meint oppsiktsvekkande ting. Sentrale Høgre-politikarar har i liten grad meint oppsiktsvekkande ting tidligare i livet. Det er ofte derfor folk blir sentrale Høgre-politikarar. 

Omtrent som i Arbeidarpartiet, altså. 

Arbeidarpartiet hadde i si tid med seg SV i regjering. Høgre har med seg FrP. I APs tid viste det seg sjokkerande nok at fleire SV-politikarar faktisk meinte SV-ting. Og no viser det seg altså at fleire FrP-arar faktisk meiner FrP-ting. 

Politikarar lærer aldri. 

I den raudgrøne regjeringa viste det seg at SV var mot krig og urettferdigheit og sånn. Kven skulle trudd. Det viste seg også at Audun Lysbakken, som etter kvart blei leiar i det sosialistiske partiet, i sin ungdom meinte ganske sosialistiske ting om børsen. Og då han var statsråd jobba han litt for hardt for å støtte organisasjonar som SV liker. 

Og sjokka har stått i kø også denne gongen. Først kom det fram at den nye landbruksministeren frå FrP for nokre år sidan meinte noko om landbrukspolitikk. Og det ho meinte om landbrukspolitikk, var ikkje identisk med det for eksempel AP meiner. Det var faktisk langt nærmare det FrP meiner. Bombe. Så har det komme fram at den nye barne-, likestillings- og inkluderingsministeren fleire gonger har formulert seg såpass ufint at Carl I. Hagen liker henne, og at ho har meint ting om homofile og lesbiske som det ikkje er heilt uvanlig å meine i FrP. 

Det er berre eit spørsmål om tid før det også vil komme fram at fleire av dei nye statsrådane til og med har stemt på FrP. Mange gonger. 

Det har naturligvis blitt drive tung brannsløkking heilt til topps i regjeringa, slik at det ikkje skal feste seg eit inntrykk av at regjeringa er full av politikarar som meiner det partia deira meiner. 

Til og med statsministeren har bedt folk om å ikkje dømme dei nye statsrådane på grunn av gamle spissformuleringar. Underforstått: Det blir slutt på slikt no når desse folka kjem seg i regjering. Berre slapp av. Vi skal nok halde kontroll på dei. 

Det er viktig at folk som stemmer på tulleparti som SV og FrP får vite at sjølv om dei ordentlige partia synest det er artig og søtt at fløypartia finst, så er dei jo ikkje heilt tamme. Det er derfor dei blir tatt med i regjering. 

Når SV-arane i den forrige regjeringa prøvde seg med SV-politikk, berre lo AP-folka overberande. Og det er liten grunn til å tru at Erna Solberg tek FrP mykje meir seriøst. Herregud, ho har ikkje eingong lært seg å uttale namnet på partiet. Fæmspatiæ, seier ho konsekvent. Så lite bryr ho seg om regjeringspartnaren sin. Ho orkar ikkje eingong bruke energi på å seie heile namnet. 

FrP-arane har vore litt lause kanonar på dekk og vore høge og mørke om kommunistiske tendensar og om bompengar og sånt som slike er opptatte av. Og det har sikkert vore artig for dei. Men festen er over no. No har FrP-arane lært seg at dei alltid skal svare at dei står på regjeringsplattforma som Høgre og FrP har forhandla fram. Dette lærte dei i løpet av berre eit kvarters tid. 

Seinast i går hamna eg tilfeldigvis bak Solveig Horne i kø på ein kafé. Då mannen i kassa spurde henne om ho ville ha mjølk eller sukker i kaffien, svarte ho at ho står på regjeringsplattforma som Høgre og Frp har forhandla fram. 

Neste! ropte mannen i kassa. 

 

Are Kalvø - 20.10.2013