Søt feber

Det var først under feiringa at eg gjekk på ein kjempesmell.

Til feber å vere, er sjakk-feberen ganske søt. Og prega av at det er litt uvant for oss alle, dette med å vere sjakk-fans. Vi veit ikkje heilt korleis sjakk-fans oppfører seg. Men vi prøver. Alle prøver. 

Eg har vore ein del i bibliotek og bokhandlar i det siste. Eg veit, eg lever eit vanvittig liv. Og alle plassar eg har vore, har dei hatt eigne bord med utstillingar om sjakk. Der har dei stilt ut alt som butikken eller biblioteket har som har med sjakk å gjere. Og då meiner eg alt. Sjakkbrett, naturligvis. Bøker om sjakk. Ein ungdomsroman av Klaus Hagerup om sjakk, med ein helt som heiter Markus, som nesten er det same som Magnus. Ein CD med musikken frå musikalen Chess. Ein gammal CD med Kine Hellebust og Anders Rogg (den med «Det hainnle om å leve», der teksten bruker sjakkbrettets svarte og kvite ruter som eit bilde på sjølve livet). Ei diktsamling som tilfeldigvis har eit rutete omslag. 

Og dette er fint. Rart, fint og søtt. Og det viser at vi framleis prøver oss fram som sjakk-fans. 

Eg prøver også. 

Eg har sagt det før, og seier det gjerne igjen: Eg er varm tilhengar av det å la seg rive med av store hendingar. Det er noko av vitsen med store hendingar. Folk som irriterer seg over at alle no plutselig blir interesserte i sjakk, kan for min del gjerne få lov til å sitte for seg sjølve å vere sure. 

Eg har prøvd å bli med på sjakk-feberen. Og eg synest eg har klart det greitt. Eg har nesten heilt slutta å fnise av vaksne folk som sitt i tv-studio og snakkar om å flytte hesten sin og finne ein betre plass for dronninga. Eg forstår ikkje veldig mykje. Men eg følgjer med. Eg har lært meg skilnaden på svart og kvitt, og at remis betyr uavgjort. Og eg blir alltid lykkelig av å høyre folk snakke begeistra om noko dei brenn for, sjølv om eg ikkje forstår kva dei snakkar om. 

Så det har gått greitt.

Heilt til fredag. På fredag begynte alle å snakke om at no er det berre eit spørsmål om minutt før Magnus Carlsen er verdensmester. Då kom eg i stuss. 

For kva gjer ein eigentlig når ein feirar ein verdensmester i sjakk? 

Vi kan ski. Vi er gode på å feire ski-gull. Då er det kubjeller og nåler i hatten og vadmel og fornuftige sko. Då er det open ild og ting på termos i skogen. Då er det ull innerst og flagg på kjaken.

Og vi kan fotball. No begynner det å bli vanskelig å huske korleis vi feira landslagstriumfar, men vi har vage minne om samba, sjampanjespruting, dumme hattar, bading i fontener og allsynging av tekstar med i overkant nasjonalistisk innhald. Og ein gong i året feirar ein by eller ei bygd i Norge serie- og cup-siger med lagets fargar, dumme hattar, lokale artistar, klemming av framande og allsynging av tekstar med i overkant patriotisk innhald. 

Men kva gjer ein når ein feirar VM-siger i sjakk? Spring ein ut i gatene? Kler ein seg ut? Og kva kler ein seg i så fall ut som? Bonde? Konge? Tårn? Hest? Døyper ein ungane sine Remi? Syng ein? Finst det sjakk-musikk? Kva er det? Neppe samba. Kanskje det er «Det hainnle om å leve»?

Eg tok ein sjanse. Då det var avgjort, sprang eg ut i gata, kledd som ei dronning, og song «I know him so well» frå musikalen Chess. 

Responsen var så godt som fråverande.

Med unnatak av ein som gjekk forbi og mumla «Er det homoparade i dag?»

Are Kalvø - 24.11.2013