Harry

Det Norske Samlaget 1999.

Denne boka er vesentlig tjukkare enn dei tidligare bøkene mine. Det skulle då også berre mangle, når boka er eit forsøk på å gi ei fullstendig framstilling av den norske harryen. Under mottoet "Ung, stolt og harry" gir boka ei innføring i harryens historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og gjenstandar, og eit mål med boka er å få folk til å forstå at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde. Denne boka er langt meir dokumentarisk enn dei andre bøkene, og i arbeidet med denne boka fekk eg oppleve ting eg neppe elles ville opplevd. Her tenker eg spesielt på verdsrekordforsøk i breiddeparkering arrangert av Råneklubben på Lillehammer og Hellbillies-konsert på Kvinlog Motorstadion ved Kvinesdal. Boka inneheld også ting som slett ikkje er dokumentariske. Mellom anna historia om det oppdikta folkelige pop-orkesteret A4. Dikt og løgn frå første til siste bokstav. Til min eigen store glede har eg møtt fleire, til dels svært fornuftige, menneske som etter å ha lese boka har trudd at A4 faktisk finst. Harrydebattar dukkar opp i dette landet av og til, og eg har då stor personlig glede av å bli behandla som ein seriøs ekspert på emnet. Lengst dreiv eg det då eg blei intervjua av BBC om svenskehandel. Eg er framleis ikkje heilt sikker på kva "Grilldress" heiter på engelsk.



Kjøp bøkene mine her.


Are Kalvø - 22.08.2002