Bibelen 2

Det Norske Samlaget 2002, spesialutgåve jul 2002.

Den definitive oppfølgjaren. "Bibelen 2" gir deg historia om det som skjedde i dagane, vekene og månadene etter at Jesus kom tilbake til Scandic Hotel Triaden på Lørenskog ein regntung februardag på 2000-talet, fortald av dei som møtte han, dei som påstår dei møtte han, dei som intervjua han og dei som arbeidde som medierådgivarane hans. Boka har blitt skildra av ein lesar som ein satirisk-absurd fabel om kommunikasjonssamfunnet, og den skildringa går eg glatt god for. Boka er betre enn Bibelen 1 på dei fleste vesentlige punkt. Ikkje minst er del 2 langt betre illustrert. Boka er nemlig eit samarbeid med teikneserieteiknaren Steffen Kverneland som teiknar sine versjonar av det som skjedde Jesus då han kom tilbake til feil land i feil tid. Sjølv om dei fleste har fått med seg at boka brukar bibelens forteljingar til å parodiere dagens samfunn og ikkje omvendt, er Bibelen 2 den av bøkene som har gitt meg mest telefonar og brev, av ymse slag. Alt frå høflige beskjedar om at slike som meg skal senkast til havets botn med ein kvernstein om halsen (ikkje det bibelsitatet eg ville framheva sjølv, om eg ville boka vel) til begeistra e-post frå prestar som har anbefalt boka for sine soknebarn. Boka har også hamna på hotell. Om nokon skulle ha lyst på ein hotell-weekend med stil, så kan eg opplyse om at Fugl Fønix Hotell i Etne som første hotell i verda har lagt ut "Bibelen 2" på alle sine rom, i staden for den utdaterte einaren som framleis er meir vanlig. Dette er ikkje den einaste grunnen til å besøke dette hotellet. Staden er eit funn, driven av heimflytta bygdeungdom med kulturelle og kunstnariske ambisjonar. Er du i nærleiken, stikk innom. Er du ikkje i nærleiken, stikk innom. Dette har også vore ei svært artig bok å presentere, både fordi det har vore veldig mykje yngre folk som har vist interesse, og fordi det finst så mykje meir eller mindre barnslig bibelhumor å velte seg i. For eksempel fniste vi lenge etter at annonsen hadde stått på trykk, der vi i søylediagram-form samanlikna salstala for Bibelen og Bibelen 2. Før jul 2002 kom eit spesialopplag av boka, med avlatsbrev. Og på eit par bokhandlarmøte blei boka presentert med følgjande anbefalingsbrev frå Jesus: "Kjære alle saman. Takk for sist. Eg skal ikkje påstå at det var hyggelig. Det ender ofte litt leit når eg er på besøk på jorda, men eg vender det andre kinnet til. Det er liksom jobben min det. Ei stund etter at eg hadde reist tilbake til min far, han som er i himmelen, fekk eg tilsendt eit eksemplar av Bibelen 2. Det er vel inga overdriving å seie at dette er ei bok eg har venta på. Fryktelig lenge. Sjølv om eg ikkje først og fremst er kjent for å vere sjølvopptatt, må eg innrømme at eg synest det er stas at det har blitt skrive to biblar om meg. Det er ikkje mange som får oppleve det i løpet av eit liv. Det er sjølvsagt ikkje mange som lever så mange og så lange liv som meg, heller, men stas er det uansett. Og mellom oss sagt, eg er litt lei av Bibelen 1. Den er ikkje så bra. Det er den einaste boka vi har her oppe, så eg kjenner ho relativt godt no. Og det er klart at når du les den same boka om att og om att i to tusen år, så blir bokas feil etter kvart ganske tydelige. Eg vil tru at til og med Bibelen 2 vil vise seg å ha eit par svake sider om to tusen år. Neidå, eg berre tulla. Det vil ta tre-fire tusen år, i alle fall. Bibelen 2 er ein snerten og artig liten bibel, medan Bibelen 1, sjølv om det står mykje fint der, er veldig tung og veldig veldig lang. Ein spør seg om dei ikkje hadde redaktørar på den tida. Dei har liksom tatt med alt i einaren. I Det Nye Testamentet er den same historia om livet mitt er fortald fire gonger. Hallo?! Kunne dei ikkje finne den beste og gå for den? Aldri høyrt uttrykket ”Kill your darlings”? Bibelen 1 er dessutan full av personlige brev som aldri skulle vore offentliggjorte. På grunn av alt dette, så står det veldig mykje i Bibelen 1 som kven som helst kan utnytte til sin fordel. Derfor går det ein del folk rundt på jorda og kallar seg mine tilhengarar, sjølv om det er folk som eg helst ikkje vil bli identifisert med. Eg nemner i fleng: Valgerd Svarstad Haugland. Kjell Magne Bondevik. Odd Bondevik. Farisearar, kalla vi slike folk i min ungdom for to tusen år sidan. I Bibelen 2 blir dei kalla farisearar. Det kan eg like. Eg synest det er mange som får ufortent hard medfart i einaren. Judas, for eksempel. Judas var ein god gut som hamna i dårlig selskap. Eg veit om mange som har komme langt her i livet med mykje meir vondskapsfulle hensikter enn Judas. Eg nemner i fleng: Valgerd Svarstad Haugland. Kjell Magne Bondevik. Ormeyngel, kalte vi slike folk i min ungdom. I Bibelen 2 blir dei kalla ormeyngel. Det kan eg like. Noko anna eg liker med toeren er teikningane. Eg synest eg liknar meg sjølv på teikningane til teikneserieteiknaren Steffen Kverneland. Det er eg ikkje van med, for å seie det slik. Når eg er nede på jorda og ser korleis eg blir framstilt på bilde og glasmåleri, då blir eg kvalm. Eg ser ut som ein vokalist i eit boyband. Ja, eg veit kva boyband er. Det var eit boyband som underheldt då eg var foredragshaldar på eit motivasjonsseminar i helvete for fjorten dagar sidan. No finst det sjølvsagt folk eg har endå mindre lyst til å likne på enn boybandvokalistar. Eg nemner i fleng… Ja, de forstår sikkert. For å konkludere: Einaren er sjølvsagt flott, for all del, men ein blir lei etter eit par tusen år. Og det har liksom blitt ein slags ny giv her oppe no etter at toaren kom. Om kveldane sitt vi ved høgre handa til faren min, han som er i himmelen, og les høgt. Og etterpå så syng Elvis ein song eller to. Jada, han er her, han også. Skal forresten helse frå heile gjengen. Det er ikkje så mykje nordmenn her, men det er vel ei meining med alt. Det er ofte det her oppe. Beste helsing, Jesus" Jaja, ein må ha det litt artig også, når ein skriv biblar.



Bøkene mine kan kjøpast her.


Are Kalvø - 22.09.2002