Greatest Hits vol. 1, the early years

Det Norske Samlaget 2003

Det begynte med at sterke krefter i forlaget mitt ville gi ut nokre av dei gamle bøkene mine på nytt. Av reint idealistiske grunnar sjølvsagt. Nokre av bøkene var ikkje lenger å få tak i. Eg nytta høvet til å lansere tanken om ei greatest hits-samling. Det er djupt urettvist at det berre er popstjerner som kan gjere slikt. Slik gjekk ein draum i oppfylling, og mi aller første greatest hits-samling kom ut i 2003. Samlinga inneheld desse bøkene: -Absolutt Oslo -Kunsten å vere neger -Men fjernkontrollen min får du aldri Som alle gode greatest hits-samlingar, har også denne med nokre tidligare uutgitte greier for å lure folk til å kjøpe bøker dei allereie har ein gong til. Mellom anna har boka eit nyskrive forord, utdrag frå kapittel som blei strokne frå bøkene, og eit tullete etterord.



Bøkene mine kan du kjøpe her.


Are Kalvø - 30.04.2003