Nød

Det Norske Samlaget 2004, billigutgåve 2005.

"Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia". Slik begynner "Nød", den første romanen min, ei underhaldande forteljing om alvorlige tema, om urettferd, om Live Aid, om Bob Geldof, om åttitalet, om å ha veldig dårlig samvit, og om ein ganske vanlig fyr som startar innsamlingsaksjonen "Lottomillionærar for Afrika". "Nød" er, mellom mykje anna, ei historie om innsamlingsaksjonar, om folk som vil gjere noko godt utan å heilt vite korleis. Boka er også i seg sjølv ein innsamlingsaksjon, på fleire måtar. For det første blir alle forfattarinntektene frå boka gitt til Redd Barna. For det andre så finst innsamlingsaksjonen som boka handlar om, Lottomillionærar for Afrika, med eiga nettside og greier. For det tredje blei det boka lansert/feira med ein innsamlingsaksjon på John Dee i Oslo. Dette var ein stor kveld der mange draumar gjekk i oppfylling for ei god sak. Det blei vist høgdepunkt frå Live Aid, alle støttekonsertars mor, på storskjerm. Det legendariske nynorskorkesteret Dei Nye Kapellanane song eitt av David Bowies Live Aid-bidrag "Heroes" på nynorsk. Helten Olav Stedje, som var med på den norske veldedigheitsklassikaren "Sammen for livet" i 1985, var special guest star. Eg las høgt frå boka. Og kvelden blei avslutta med at eit blanda (svært blanda, vil nok ein del seie) kor med norske forfattarar framførte "Sammen for livet" og "Do they know it's Christmas?" saman med Dei Nye Kapellanane og Olav Stedje. Forfattarar for Afrika var: Henrik Langeland, Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Åsne Seierstad, Selma Lønning Aarø, Jens M. Johansson og Nils Øyvind Hågensen. Det var ikkje vakkert, men det var ekte.



Nød (og andre bøker av meg) kan du kjøpe her.


Are Kalvø - 09.11.2004