Ny grunnlov

Ny grunnlov, Samlaget 2013Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner.

Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blei vist på NRK1 i 2013 med tittelen Riksforsamlinga

Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk – nokre av dei direkte tøvete – på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom.

Boka inneheld fleire vitsar og søkte teoriar og er illustrert med ganske overraskande fotos.

Du kan kjøpe boka her

Are Kalvø - 01.03.2013