For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Den skarpaste kniven i ryggen



Det er palmehelg, og tradisjonen tru presenterer vi i dag vår eigen påskekrim.

Journalist Bjarne Borten var død. Han hadde ein kniv i ryggen. Handtaket på kniven var forma som eit spørsmålsteikn. På skrivebordet framfor han låg eit A4-ark med to rette strekar på. Etterforskar Cato Conrad Walbom, eller Harry som han blei kalla av folk som ikkje visste kva han heitte, sukka tungt. Der rauk den påskeferien, tenkte han. Han hadde sett fram til denne ferien. Han hadde tenkt å vere rastlaus og i uforklarlig dårlig humør saman med den nye kona si i heil veke. Gunnar Gulden, den litt yngre og mykje meir sjarmerande kompanjongen til Walbom, såg på liket. - Trur du det kan vere ein samanheng med mordet på den andre journalisten, Lars Langø? - Kvifor spør du om det, brumma Walbom. - Fordi han også blei funnen med ein spørsmålsteiknforma kniv i ryggen og eit A4-ark med to strekar framfor seg. - Men bortsett frå det, har sakene noko felles? - Begge ofra har same forbokstav i fornamn og etternamn, sjef. - Det har alle i desse historiene, Gulden. - Ikkje du, Harry. - Ikkje ver nasevis. Walbom undersøkte først om det budde galningar i nabolaga til dei to ofra. Påfallande ofte i desse historiene var det tilfellet. Ein som snakka litt sakte og festa blikket på rare plassar og budde heime hos mor i sjølv om han var over tretti. Ein som var litt for glad i dyr. Eller ei mannevond gammal dame som ikkje likte barn. Det var alltid fint når det viste seg at det var galningen som gjorde det. Det var dei greiaste sakene. Mindre å forklare då. Så Walbom gjekk frå dør til dør, og ringde på. Ei ung dame opna døra. - God dag, unge dame, er det nokon galningar i denne husstanden? - Galningar? - Trettiåringar som bur hos mor. Folk som er litt for glade i dyr. Mannevonde gamle damer? - Nei. Det kom til å bli ein lang dag. Walbom skulle akkurat til å ringe på neste dør, då Gulden var på telefonen. - Vi har funne eit nytt lik, Harry. Den nye liket var Viggo Valde. Han hadde ein spørsmålsteiknforma kniv i ryggen og eit A4-ark med to strekar på framfor seg. - La meg gjette, sa Walbom. -Journalist? - Vaktmester. - Kva var det han heitte, sa du? - Viggo Valde. - Veit vi noko om kva slags stoff dei andre ofra jobba med? - Begge jobba med 100 spørsmål og svar til påskeavisene då dei blei myrda. - Eg forstår. Høyrer du mykje på P1, Gulden? Walbom forstod kva som hadde skjedd. - Seriemordaren vår har blitt slurvete. Dei blir ofte det. Sjeldan etter berre to drap, men dette er ei kort historie, så vi rekk ikkje meir. - Kva meiner du? - Han tok livet av feil mann, Gulden. Han meinte å drepe Viggo Valle, ikkje Viggo Valde. - Viggo Valle? - Programleiaren for Påskelabyrinten på NRK P1. - Meiner du at... - Spørsmålsteikn. To strekar under svaret. Ja, vi har ein seriemordar som tek livet av folk som lagar påskespørjekonkurransar. Ikkje ein quizmaster i denne byen er trygg, Gulden. - Men kven kan ha interesse av å drepe folk som lagar påskespørjekonkurransar? - Nokon som verkelig ikkje liker folk som stiller for mange spørsmål. - Men kven kan det vere? - Ja, kven kan det vere? Så blei begge drepne av seriemordaren fordi dei stilte for mange spørsmål. God påske.

Publisert: 27.03.2010











Kommentarar til "Den skarpaste kniven i ryggen":






Eivor frå ei bygd sunnom di:
Eg likar det!
27. mai 2010 - Kl. 21:38
Lars frå Nesna:
Knakende bra, Are.
Til en av de under her: Ikke for å være ekkel, men. Du snakker ikke dialekt men snakker bokmål? Foreslår du ber norsklæreren din fortelle deg litt om hva en dialekt er og senere hva bokmål og nynorsk er. Du vil bli overrasket :)
5. mai 2010 - Kl. 02:15
Dorota frå Ås:
Du rocker!! for å si det sånn... jeg har alltid hatt lyst til å snakke dialekt, men selvfølgelig ente jeg opp med bokmål... Kjempe bra påskekrim! :D
23. april 2010 - Kl. 21:29
Fridar frå Egersund:
Ikke perfekt?!?!?!??!?!?!?!?!??! Du forstår deg virkelig ikke på kåseri! Jeg føler med de stakkars norsklærerne som har lidd seg gjennom årevis med deg som elev...
Dette er helt klart den beste påskekrimmen så langt!
28. mars 2010 - Kl. 17:27
Jørgen frå Bergen:
Greit nok. Ikkje perfekt, men greit.
27. mars 2010 - Kl. 17:29

Klikk her for å kommentere denne saka.