For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Pass på



Typisk meg. Når eg først er på rett på plass på ein historisk dag, så er eg ikkje eingong klar over det.

Eg har ofte klaga for meg sjølv over at eg er for lite flink til å få med meg historiske hendingar. Vere der det skjer, når det skjer. Vere til stades ved dei anledningane som kjem til å bli hugsa seinare.

Det er ikkje det at eg ikkje vil. Eg har prøvd, men eg er rett og slett ikkje veldig flink. Eg er ofte nesten med på historiske hendingar. Eg var på Lillehammer under OL, men eg såg ikkje eit einaste hopp eller eit einaste skirenn. Eg deltok i folkeavstemminga om EU i 1994, men eg hugsar absolutt ingenting frå dagen. Eg hugsar ikkje eingong kvar eg stemte. Det er så vidt eg hugsar kva eg stemte. Eg var på den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i Oslo Spektrum i 1996. Ikkje på den historiske første internasjonale finalen i Norge, i Bergen i 1986, då heile landet stod på hovudet. Neidå. Eg var på den langt mindre historiske andre internasjonale finalen i Norge, då interessen for heile greia var heller laber og ingen hugsar kven som vann. Og eg trassa minusgrader og møtte opp framfor Grand Hotel for å vinke til Obama då han fekk fredsprisen i desember. Eg og nokre tusen andre av dei nærmaste. Det var fint det, sjølvsagt, men dei som verkelig meiner alvor med å vere til stades ved historiske høve, dei var sjølvsagt i Washington då Obama blei innsett i januar. Saman med nokre millionar andre av dei aller nærmaste.

Og så: Denne veka var eg faktisk med på noko historisk. På den historiske dagen. Og eg var ikkje eingong klar over det. Før eg kom heim og såg det på Dagsrevyen. Der stod Nina Owing at i dag var den første dagen då alle måtte avgi fingeravtrykk for å få nye pass. Dette var første saka i Dagsrevyen. Hovudsaka. Og så plutselig var vi inne frå ein politistasjon i Oslo, der vanlige menneske som venta på nye pass blei spurt om dei var redde for å gi frå seg ein liten bit av identiteten sin, om dei frykta misbruk av fingertrykka, om storebror som ser deg. Det er klart ein tenker over dette, sa ein av dei som blei intervjua.
 
Er det klart?!

Det var ikkje klart for meg. Og eg var der. Eg var sjølv på akkurat denne politistasjonen for å få meg nytt pass, på akkurat denne dagen, berre nokre timar før Dagsrevyen. Eg var der. På rett plass. På rett dag. Og eg var ikkje eingong klar over at det var noko spesielt med denne dagen. Eg gav frå meg fingeravtrykket mitt utan å i det heile tatt tenke over at det ikkje er noko ein vanligvis gjer når ein fornyar pass. Eg fornyar trass alt ikkje passet kvar veke. Ein hugsar jo ikkje desse tinga frå gong til gong. Ein møter opp der ein skal, ventar på tur og gjer som dama i luka gir beskjed om. Sitt på stolen. Sjå rett fram. Ikkje smil. Skriv namnet ditt her. Sjekk at dette er rett adresse. Legg fingeren din der. Takk.

Eg tenkte ikkje over at eg kanskje var ein av dei første som blei utsett for eit mulig overgrep frå overvakingssamfunnet. Eg visste ikkje at dette var ein historisk dag. Eg tenkte ikkje over farane for misbruk. Kva brukte eg denne historiske anledninga til? Eg venta. I omtrent tre timar venta eg på tur. Så eg hadde til og med god tid til å tenke over det historiske, til å tenke kloke tankar om identitet og overvaking. Gjorde eg det? Nei, eg var opptatt med å vente. Eg er ganske god til å vente. Venting er heilt greitt om du er førebudd på det. Det gjeld berre å ta med god musikk, finne seg ein ledig plass, sette seg ned og nyte synet av alle dei som ikkje er like gode til å vente: Dei som går fram og tilbake, skikkelig fort, i håp om at tida sjølv skal følgje eksemplet deira. Dei som sjekkar eposten kvart tredje minutt. Familiar som desperat prøver å aktivisere ungane i eit digert venterom der det rett og slett ikkje finst noko som kan brukast til aktivisering av ungar. «Næmen sjå, kva er det?!» seier pappa og peikar på ein kaffiautomat.

 Dette dreiv eg med. Medan dei andre tydeligvis tenkte over alvoret i situasjonen. Det er berre å innsjå det: Eg passar ikkje til historiske høve. Eg er bevisstlaus. Ein dårlig borgar. Dei som blei spurt av Dagsrevyen sa kloke, balanserte, avventande, kritiske men ikkje-hysteriske ting om tryggleik og identitet. Hadde Dagsrevyen stukke til meg ein mikrofon, ville eg sagt: «Kva meiner du? Hæ? Fingeravtrykk? Kva med det? Æh... altså, eg veit ikkje.. i dag?! .. Eller... hæ?» Så ville eg, etter ein desperat pause, peika på kaffiautomaten og ropt: Næmen sjå, kva er det?!


Publisert: 10.04.2010











Kommentarar til "Pass på":









Li Chuang frå ASIA:
I am sorry. But, I don't like you. I believe you have no reason to express your feelings towards a smaller audience of mentally disabled scums.


Your argument is invalid.
5. mai 2010 - Kl. 11:33
Li Chuang frå ASIA:
I am sorry. But, I don't like you. I believe you have no reason to express your feelings towards a smaller audience of mentally disabled scums.


Your argument is invalid.
5. mai 2010 - Kl. 11:33
Siri frå jobb denne gangen:
Eimear Quinn, Irland: The voice. Ikke lat som om du ikke husker det, gp-nerd!!!
12. april 2010 - Kl. 14:24
Arne frå Tromsø:
Bekymre deg ikke! Jeg skjønner ikke helt det at fingeravtrykk i pass er en historisk begivenhet hvis det ikke er slik at historia gjentar seg. Da jeg var ung (i 1972) og skulle reise til sjøs måtte vi ha sjømannspass og der skulle det være fingeravtrykk med, da var det med tommelen på blå stempelpute så trykke den på et kort og i passet, tommelen ble ikke rein på flere dager.
11. april 2010 - Kl. 15:16
Tine Holm frå Kolbotn:
Venta du i tre timer??? Ojda. Og fikk ikke med deg det viktigste heller. Stakkars deg da... Det er jo bare å vise medfølelse og kjenne seg igjen. Og takk for super-bra kurs på IJ! Jeg bruker ordet SUPER bevisst, da det er det kuleste man kan si for tiden. Med ønske om SUPER-God helg!
10. april 2010 - Kl. 21:58
Molly Ming frå Askim:
Jeg er heller aldri til stede ved historiske begivenheter. Men jeg husker ofte hvor jeg befant meg når disse begivenhetene skjedde. Eksempler er: Da Oddvar Brå brakk staven, Tjernobyl 260486 eller som du nevner Grand Prix i Norge 1986. Så jeg bruker altså disse begivenhetene til å huske hvor jeg befant meg i verden og hva jeg gjorde der. Det fungerer helt greit for meg. Ha en strålende dag.

10. april 2010 - Kl. 21:50
Gunn frå Kristiansand:
Du er ikkje åleine!
10. april 2010 - Kl. 18:57
Ingeborg frå Køben:
Hehe
10. april 2010 - Kl. 08:04

Klikk her for å kommentere denne saka.