Vi som skriv i avisa har eit samfunnsansvar. Det er sjølvsagt berre noko vi seier. Men av og til passar det. Og akkurat i dag passar det meg å vere til nytte for samfunnet. I dag tilbyr eg: Yrkesrettleiing for ungdom!
Du som les dette er kanskje ein av dei mange som nettopp er ferdig med russetida og lurer på kva du skal bli. Eg har eit forslag. Fleire og fleire av oss finn glede i å la vere å bli noko som helst, og heller leve av å vurdere andre som har blitt noko, eller trur dei kan bli noko. Sjølv lever eg for eksempel av å finne på vitsar om folk som gjer ting. Det vil eg ikkje anbefale. Eg vil nemlig ikkje ha konkurranse.
Men kva med dette? Kvifor ikkje bli: OMDØMMEEKSPERT?
Ein omdømmeekspert er ein person som ser på folk som dummar seg ut, og så seier at det kanskje ikkje var spesielt lurt å dumme seg ut.
Ein vanlig arbeidsdag kan for eksempel gå ut på å sjå Paradise Hotel på nettet. Sjølvsagt ser ikkje ein omdømmeekspert på Paradise Hotel på same måte som vanlige menneske. Ein omdømmeekspert ser for eksempel to tjueåringar som har sex i basseng, og tenker: Hm, er dette så lurt?
Og så er det berre å håpe at nokon ringer frå ei avis. Og det gjer dei som regel. Aviser er kritiske til Paradise Hotel og andre tv-seriar som er fulle av nakne fulle folk, og skriv derfor ofte kritiske artiklar med mange bilde av nakne fulle folk. Og då treng dei gjerne nokon som kan seie at det kanskje ikkje er så lurt å vere med på tv-seriar med nakne fulle folk. Og det er der omdømmeeksperten kjem inn. Avisene ringer omdømmeeksperten og omdømmeeksperten seier for eksempel at dersom du ein gong i livet har lyst på ein viktig og ansvarsfull jobb, så er det kanskje ikkje ideelt at det ligg bilde av deg på nettet der du onanerer og drikk shots samtidig. Dersom du ønsker deg ein viktig og ansvarsfull jobb, er det bra for omdømmet ditt om du framstår som viktig og ansvarsfull, og ikkje som uviktig og ansvarslaus. Eller berre som full.
Sånne ting kan du seie som omdømmeekspert.
Eller det kan vere at du sitt på kontoret ditt og ventar på at nokon, gjerne nokon i politikken eller i næringslivet, skal gjere noko dumt, for eksempel lyge eller terge på seg heile lokalsamfunn utan grunn. Og så er det berre å håpe at nokon ringer frå ei avis. Og så kan du seie at det hadde vore betre for omdømmet til vedkommande om ho hadde snakka sant og latt vere å terge på seg lokalsamfunnet. Det beste ville kanskje vore om ho hadde framstått som likandes og komme godt ut av det med folk.
Sånne ting kan du seie.
Og dette kan kanskje verke enkelt. Men det er det ikkje. Slike vurderingar av folks omdømme fordrar detaljert og oppdatert kunnskap om kva næringslivet vil ha og kva eigenskapar folk sett pris på hos leiarane sine. Du må for eksempel vite om det er vanlig at dette står i jobbannonser:
«Vi søker ny sjef. Vi søker ein vaksen person som er kreativ, utadvendt og har hatt sex i eit basseng på tv. Erfaring innan onani og shotsdrikking ein fordel. Folk med talent for å lyge og legge seg ut med lokalsamfunn blir spesielt oppfordra til å søke.»
Sånn. No veit du alt du treng å vite for å vurdere ein karriere som omdømmeekspert.
Og no har du også lese ei spalte der eg på ein flåsete måte har gjort narr av ei gruppe eg ikkje veit noko som helst om. Som du forstår: Det å vurdere andre i staden for å gjere noko sjølv, er skikkelig artig og kan absolutt anbefalast. Vi blir fleire og fleire, og ein dag tek vi kanskje over samfunnet: Ingen gjer noko, alle lever av å vurdere alle andre som ikkje gjer noko. Eg gleder meg.
Avslutningsvis har eg ein beskjed til alle som i dag hadde rekna med at eg skulle skrive om transekrigen med Carl I. Hagen: Som du kanskje veit, så har vi som skriv i avis visse moralske standardar. Vi skriv for eksempel ikkje om offentlige personars private liv.
Neidå, eg berre tulla. Regelen er sjølvsagt at vi ikkje skriv om offentlige personars private liv, med mindre nokon andre har gjort det først. Så eg kunne skrive om transekrigen. Men eg kom ikkje på nokre gode vitsar om det. Og det ville ikkje vore bra for omdømmet mitt.

Publisert: 22.05.2010
