For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Good evening, kontoret!



Eg las noko vakkert i ein artikkel om Melodi Grand Prix for eit par dagar sidan.

Eg har sjølvsagt lese mykje vakkert om Melodi Grand Prix i det siste.

 

For eksempel var det svært underhaldande å lese svenske nettaviser torsdag kveld etter at Sverige for første gong i Grand Prix-historia ikkje kvalifiserte seg til finalen. Det var mykje ekte kjensler i dei nettavisene. Journalistane meinte dette var ein tragedie for Sverige som nasjon, og lesarane supplerte i kommentarfeltet med analysar som «FAAN VA FAAAN VA FAAN VA FAAN».

Minst like underhaldande var spontanmeiningsmålingane utførte like etter semifinalen. Ei måling viste at 60% av svenskane no vil kutte ut heile Melodi Grand Prix. 80% av svenskane meiner det er like greitt om Sverige sluttar heilt med popmusikk og underhaldning. 82% av svenskane meiner statsministeren og kongefamilien må gå av. Og 94% av svenskane vil legge ned Aust-Europa.

 

Så det er mykje vakkert å lese om Melodi Grand Prix.

 

Det har også vore vakkert å lese alle dei daglige kommentarane frå enkelte musikkjournalistar, kommentarar som alle som ein kunne hatt overskrifta: «Hvorfor skriver jeg egentlig om dette hver dag når jeg påstår at jeg ikke liker det?»

 

Og det har vore vakkert å lese alle helgemagasina til avisene, som har hatt dei same tipsa om mat, drikke og oppussing som dei alltid har, berre med Grand Prix-vri. Her har det vore tips om korleis du pyntar til Grand Prix-fest, dekker eit Grand Prix-bord, miksar ein Grand Prix-drink og grillar ein perfekt Grand Prix-kotelett.

 

Og det har ikkje minst vore artig å lese kommentarane i dei få norske avisene som vender seg til folk med høgare utdanning og som baserer seg på trua om at folk med høgare utdanning ikkje er i stand til å more seg utan ein utrulig god grunn. Her har kommentatorar lese storpolitikk, etniske konfliktar og finanskrise inn i kjolefargane til artistane.

 

Så det er mykje fint. Og meir skal det bli. Etter finalen i kveld får vi «Kva var det vi sa?»-artiklane. Eventuelt «Feil låt»-artiklane. Og om det går dårlig for Norge, vil kritikarar som gav Didrik Solli-Tangen terningkast fem før den norske finalen hevde at vi heller skulle sendt Venke Knutson.

 

Så kjem oppsummeringsartiklane. Der PR-ekspertar vil tippe kva Eurovision er verd i reklamekroner. Og lokalavis-artiklar, der ein letta Bærums-ordførar er avbilda framfor Telenor Arena og gir uttrykk for at han ventar seg ei enorm Bærums-interesse etter at 120 millionar europearar no har sett tre programleiarar stå inne i ein idrettshall og seie «Welcome to Oslo!».

 

Mykje vakkert.

Men det aller vakraste såg eg i ei nettavis for nokre dagar sidan. Eg hugsar ikkje kva for ei nettavis. Eg hugsar ikkje kva det handla om, berre at det handla om Grand Prix og at nokon var kritisk til noko. Det vakre stod i kommentarfeltet. Der hadde nokon skrive:

 

«Hvem gidder å engasjere seg i dette? Melodi Grand Prix er helt uinteressant!»

 

Og det er det som er så vakkert. Til og med ein person som ikkje gidd å engasjere seg, til og med ein som meiner Grand Prix er heilt uinteressant, til og med ein slik person les ein artikkel om Melodi Grand Prix og kjenner eit visst ansvar for å seie frå kva han tenker om det han nettopp har lese.

 

Så vanskelig er det å melde seg heilt ut av noko såpass altomfattande som ein internasjonal finale i Melodi Grand Prix. Akkurat som det har vore vanskelig å unngå Grand Prix for oss som bur i Oslo den siste veka. I alle fall i sentrum. Det har vore vanskelig å gå inn i ein butikk utan å finne i alle fall eitt Grand Prix-tilbod. Det har vore vanskelig å gå lenge i gatene utan å høyre ein Grand Prix-song. Og det har vore bortimot umulig å runde eit hjørne i sentrum utan å treffe på sytten homofile sveitsarar. I forgårs gjekk eg forbi ei dagligvareforretning som reklamerte med at betjeninga snakka samtlige av Eurovision-språka. Eg bestemte meg for at dette skulle eg pinadø teste. Så slo eg det frå meg. Eg kom til at dei sannsynligvis kom til å klare testen, sidan dei einaste Eurovision-språka eg kan er engelsk, dårlig svensk, tulledansk og Derrick-tysk.

Det har i det store og det heile vore vanskelig å unngå Grand Prix. Det irriterer sjølvsagt nokon. Og sjølv dei synest dei må seie frå. I kommentarfelta i nettavisene. Eller på andre måtar. Tidligare i veka høyrde eg eit radioinnslag om nokre folk som hadde kontor i Oslo sentrum og som var møkk lei Grand Prix, fordi dei no hadde høyrt musikk og folk som har det artig utanfor vinduet i nesten to og ein halv dag.

Til slike folk er det berre ein ting å seie: Slapp av. Det er tjue år til neste gong. Og dei tjue åra skal du få lov til å ha det skikkelig kjedelig på kontoret.

 

Vi andre har tenkt å hygge oss.



Publisert: 29.05.2010











Kommentarar til "Good evening, kontoret!":









Henrik Syvrud frå Nittedal:
:) Jeg elsker skolen den er så kul og denne oppgaven var veldig morsom :D
23. august 2010 - Kl. 11:49
Vicktoria frå Noreg:
Are er suuuuper HOT!!
23. august 2010 - Kl. 11:48
Niklas frå Moren din.....:
9 Klasse oppgave og det var kjedelig.... :)
23. august 2010 - Kl. 11:45
Atle frå ...:
Nynorsk er DRITT!!!!!! :@ Nynorsk i 9. klasse er noe DRITT!!! :@
23. august 2010 - Kl. 11:34
jarle frå grenseland:
VA FAAN VA FAAN VA FAAN
10. juni 2010 - Kl. 11:14
Ingeborg frå København:
Mykje vakkert!
31. mai 2010 - Kl. 12:24
Jonas frå København:
Hvem bryr seg om Are Kalvø? (fnis)
30. mai 2010 - Kl. 13:07
Emmy:
Fantastisk - jeg lo både godt og høyt.
29. mai 2010 - Kl. 18:35

Klikk her for å kommentere denne saka.