For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Løver - Pasta 1-1



Det kan godt hende dei har rett, dei som klagar og syt og seier at fotball-VM varer for lenge.

Ikkje det at det blir for mykje fotball. Absolutt ikkje. Eit par-tre kampar per dag i ein månad taklar vi lett. Men fotball-VM varer kanskje litt for lenge for kommentatorane. Desto lenger ei fotball-turnering varer, desto meir bekymra blir eg for kva kommentatorane kan komme til å seie.

Om du har følgd med på VM, og faktisk høyrt etter på kva kommentatorane seier i staden for å irritere deg over at afrikanarar på fotballtribunar bråker annleis enn europearar, så vil du ha lagt merke til at det kommentatorane gjer for å få til variasjon i språket er å kalle deltakarlanda og spelarane deira flest mulig ulike ting.

Ein seier ikkje «Danmark» igjen og igjen, for eksempel. Ein seier «våre danske venner» eller «våre nordiske brødre» eller «spelarane frå dei røde pølsenes land». Ein seier ikkje England igjen og igjen heller. Ein seier «fotballens heimland» eller «fish ‘n’ chipsens heimland». Eller - om ein er i beit - «David Camerons menn». 

Og du høyrer ikkje setningar som «Italienarane imponerte ikkje, men Italia ville ikkje vore Italia om ikkje italienarane hadde varta opp med ei og anna av dei typisk italienske fintene vi har sett så ofte før frå Italia.» I staden seier kommentatoren for eksempel: «Mennene frå pastaens heimland imponerte, men gutta frå støvel-landet ville ikkje vore gutta frå pizza-landet om ikkje Berlusconis menn hadde varta opp med ei og anna av desse typiske middelhavsfintene vi har sett så ofte før frå landet som gav oss det skeive tårnet i Pisa og Eros Ramazzotti.»

Greitt nok. Men problemet med Italia er jo at dei alltid når langt. Og det er måte på kor lenge du kan snakke om mat og turistattraksjonar og popstjerner. Når vi kjem så langt som til åttandedelsfinalen, må kommentatorane finne på andre ting. Og det er då det begynner å gå gale. Då må ein ty til det andre ein veit om Italia. Det er då dei kjem, setningar som denne:

«Dei blåkledde frå mafiaens heimland møtte tøff motstand, men Mussolinis menn vann til slutt.»

Og Italia er jo enkelt. Italia er jo eitt av deltakarlanda vi veit ganske mykje om. Vi veit kvar det er, kven som styrer og kva dei et til middag. Men kva med alle dei landa vi ikkje veit så mykje om? Paraguay, for eksempel. Kva skal du seie om Paraguay for å variere?

«Laget frå verdens 101. største land gjekk hardt ut, men verdens einaste land med eit flagg som har to ulike sider fekk trøbbel midtvegs i omgangen, og det endte uavgjort for Fernando Lugos menn.»

Og så finst det land ein ikkje veit så mykje om med landslag som har kallenamn. Det er dei verste. Der kan det gå skikkelig gale. Kamerun, for eksempel. Landslaget til Kamerun blir kalla løvene. Og det er mykje ein kan seie om løver som også passar på eit fotballag. Men fuglane skal vite at det også er mykje ein kan seie om løver som ikkje passar på eit fotballag. Det er for eksempel svært få fotballspelarar som veg 189 kilo og går på alle fire.

Så om det skulle gå sånn at Italia møter Kamerun etter at dei innleiande kampane er ferdige og dei opplagte samanlikningane er oppbrukte, så risikerer vi å få høyre kommentatorar seie:

«Med sin gulbrune pels og karakteristiske hårmanke viste løvene seg som dei kattedyra dei er, angreip i flokk og forsynte seg glupsk av dei mafiose pastarestane.»

Og då kan det vere like greitt at desse vuvuzelaene bråker såpass at du ikkje høyrer kva som blir sagt.



Publisert: 19.06.2010











Kommentarar til "Løver - Pasta 1-1":


Tenkerbell frå www.tenkerbell.blogspot.com:
DEt gjør virkelig ikke noe at nye bøker lar vente på seg nå når jeg har funnet bloggen din, jeg ler så jeg griner, mens jeg gleder meg over gårsdagens superkamp!!!
3. juli 2010 - Kl. 11:50

Klikk her for å kommentere denne saka.