Fire Hedda-nominasjonar!

The Book of Mormon er nominert til fire Hedda-prisar. Kristoffer Olsen og Preben Hodneland er nominate som skodespelarar, eg er nominert for omsettinga (takk for det) og heile greia er nominert som årets forestilling. Ein takkar audmjukt.

The Book of Mormon går forresten framleis på Det Norske Teatret, og skal gå der til langt ut i 2019. Det er billettar å få, i alle fall om ei stund. Her.

Are Kalvø - 05.06.2018