For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Små menn i dress

Kor naken vil du ha homoen din?

Naken homo? Halvnaken homo? Kvartnaken homo? Vi har Oslo-byråd Sylvi Listhaug å takke for denne svært junivennlige diskusjonen. Og vi skal sjølvsagt takke. Det er alltid underhaldande når vaksne folk diskuterer ting som kor naken ein homo kan vere før det slår tilbake på homoen sjølv.
Listhaug har altså uttrykt bekymring for den årlige paraden under Skeive Dager, som har fleire innslag av halvnakne homofile folk og dansing. Listhaug sjølv har naturligvis ingen problem med dette. Sjølv er ho såpass vidsynt at ho har snakka med Erling Lae fleire gonger. Listhaug er sjølvsagt berre bekymra for alle dei andre, for vanlige folk, grasrota, som får sjå bilde av halvnakne dansarar i Oslo-gatene og tenker sitt. Naken-homo-i-gatene-problematikken har blitt diskutert ofte denne veka, gjerne med Erling Lae, sidan han er både byrådsleiar, homofil og deltakar i paraden. Påkledd og ikkje-dansande deltakar, vel å merke. Og i eit av dei mange radioinnslaga eg har høyrt om emnet, blei det sagt at dette ikkje hadde vore noko problem viss alle i paraden berre oppførte seg som Erling Lae. Nei, det hadde nok ikkje vore noko problem. Men det hadde kanskje ikkje vore rare feststemninga heller, om nokre hundre små menn i dress spaserte rolig gjennom Oslos gater ein junidag og snakka lågt om toleranse.
Og det er jo det som er poenget. Sjølvsagt er det nokre i denne paraden som oppfører seg på ein måte som ligg tett opptil fordommar og klisjear om homofile. Og det er ein grunn til det. Klisjear kan vere morsomme. Og når ein skal vise seg fram, så kan det vere greitt å vise fram noko som er morsomt. Klisjear kan også brukast til å provosere. Og utfordre. Og overdrive. Og styrke sjølvkjensla. Eller til å tøyse. Klisjear kan i det heile tatt brukast til litt av kvart, fordi dei er lette å kjenne igjen. Det er derfor så mange som skal vise seg fram, faktisk bruker klisjeane om seg sjølve. Med større eller mindre grad av humor.
Eg vil for eksempel tru at dei stakkarane som no driv og planlegg pauseinnslaget til neste års internasjonale Melodi Grand Prix-finale, og skal vise fram noko norsk utan å vere for påtrengande, vil velje å på ein eller annan måte forhalde seg til nokre klisjear om Norge. Rett og slett fordi at det å vise fram noko som er typisk for Norge men som ikkje er ein nasjonal klisjé, for eksempel ganske høgt utdanna offentlig tilsette, ville vore ekstremt kjedelig, sjølv til pauseinnslag i Melodi Grand Prix å vere.
Også dei politiske partia som har hatt sine sesongavslutningar i det siste, har lagt seg tett opp til klisjeane om seg sjølve. Arbeidarpartiet går inn for å sjå ut som eit litt kjedelig men skikkelig parti som ikkje tek av i større grad enn at dei kanskje kastar slipset ved tjuefem plussgrader. Lars Sponheim oppfører seg som om det er den mest sjølvsagte ting i verden at det er han som bestemmer kven som skal styre landet. Og FrP drar på camping.
Eg kunne sjølvsagt sagt at det ville vore fint om Ap var litt friskare. Eller om Lars Sponheim kunne dempe sjølvskrytet litt. Og at det kanskje ikkje er nødvendig av FrP å ta han heilt ut i camping. Det er ikkje det at det gjer meg noko. Eg har ingen problem med det sjølv. Eg er tolerant. Eg har møtt folk som stemmer både Venstre, Ap og FrP fleire gonger, og eg veit at dei er nesten heilt som vanlige folk. Men eg er bekymra for korleis andre folk reagerer. Vanlige folk. Grasrota. Dei som ikkje er så smarte som meg. Når dei får sjå bilde av ein nøktern Stoltenberg eller ein kjempefornøgd Sponheim eller FrP på camping, så trur eg ikkje akkurat det bidreg til større forståing for desse partia.
Eg kunne sagt det. Men då ville eg jo ønska meg ein litt kjedeligare valkamp.
Og eg ville sannsynligvis vore eit steg nærmare den skikkelig sære minoriteten som meir enn gjerne møter opp for å sjå nokre hundre små menn i dress spasere rolig gjennom Oslos gater ein junidag.

Publisert: 26.06.2009

Kommenter saka "Små menn i dress":
|
|


|