For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Klar, ferdig, grafs!

Nye tider krev nye måtar å grafse på.

Tradisjonar har sjølvsagt sin sjarm, og det er noko trygt og godt over den årlige diskusjonen om offentliggjering av skattelistene. Men eg synest ikkje vi kjem oss noko vidare.
Dei fleste ser ut til å vere omtrent einige om at openheit er bra, men grafsing er dumt. For å komme oss vidare må vi altså finne måtar å offentliggjere skattelistene på som tek vare på omsynet til openheit men hindrar grafsing.
Her er nokre forslag:
Første forslag: Skattelistene er offentlige, men forvirrande og fulle av feil.
Om du vil finne ut kor mykje statsrådane tener, får du for eksempel opp ein slik liste:
Sigbjørn Johnas Gahr Støre: 726.065
Anne Grete Faremo Erichsen: 623.290
Magntveit Åsleik Halvorsen: 000.000
Andre forslag: Skattelistene er offentlige, men du må sette tala i rett rekkefølgje sjølv.
Starten på ei liste frå ein tilfeldig kommune kan då for eksempel sjå sånn ut:
Bjarne Andersen: 019.224
Gerd Antonsen: 000.123
Bernard Bell: 200.101.1
Tredje forslag: Skattelistene er offentlige, men du må tippe nokre av tala. For eksempel:
Bjarne Andersen: ?0?.??1
Gerd Antonsen: ?23.?00
Bernard Bell: X.Y20.YX?
Fjerde forslag: Skattelistene er offentlige, men med personkarakteristikkar i staden for namn. For eksempel:
Ho raudhåra med mazdaen: 399.012
Han idioten på REMA: 258.000
Ho som aldri kjøper lodd: 903.892
Femte forslag: Dei fire første forslaga slått saman. Altså skattelister som er offentlige, men fulle av feil, spørsmålsteikn, tal i tilfeldig rekkefølgje og med personkarakteristikkar i staden for namn.
Lista over kor mykje statsrådane tener vil då for eksempel kunne sjå slik ut:
Ho nye som ingen har høyrt om: ???.010
Han eine gamlingen: Yx.89??
Han flinkisen: ab x y + 2
Desse forslaga vil naturligvis ikkje få slutt på grafsinga, men dei kan i alle fall bidra til ein ny type grafsing. Noko som kanskje vil gi oss ein litt annleis diskusjon om offentliggjering av skattelistene neste år. Det er då noko.

Publisert: 23.10.2009

Kommenter saka "Klar, ferdig, grafs!":
|
|


|