For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Halvhøgt og halvstygt

Om vi berre kunne bli einige om kva som er stygt, så hadde ikkje dette vore noko å mase med.

Sikkert til stor glede for alle i Mosjøen og Haugesund som er levande opptatte av utvikling av bydelar i Oslo, er det igjen diskusjon om kvar eit museum i hovudstaden skal ligge. Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt. Norge har vore i ein konstant tilstand av diskusjon om kvar museum skal ligge så lenge eg har levd. Det er som kjent ingenting som engasjerer meir i Norge enn diskusjonar om kvar ting skal ligge, og det er få ting i kultur-livet som løftar aggresjonsnivået meir enn debattar om lokalisering av kulturinstitusjonar. Til dei som trur vi er ferdige med det verste av Knausgård-debatten: Berre vent til vi begynner å diskutere kvar mannen bør bu!
Det må ikkje vere sånn. Vi kan få slutt på desse evigvarande lokaliseringsdebattane. Vi må berre bli samde om nokre grunnreglar. Eg har følgt med i lokaliseringsdiskusjonane den siste tida, sidan eg likevel ikkje har nokon hobby, og prøvd å samanfatte hovudsynspunkta til noko som kan fungere som retningslinjer for framtidige diskusjonar:
Forslag til retningslinjer for plassering og flytting av kulturinsitusjonar:
§1. Det er greitt å flytte på ting, så lenge dei blir ståande der dei er.
§2. Det er heilt i orden å bygge noko nytt, så lenge det ikkje ser nytt ut.
§3. Nye bygningar, som altså ikkje skal sjå nye ut, må heller ikkje stå i vegen for bygningar som ikkje er nye.
§4. Gammalt og stygt er i utgangspunktet betre enn nytt og stygt.
§5. Nye bygningar skal ikkje vere spesielt høge.
§6. Nye bygningar skal ikkje vere spesielt skeive.
§7. Nye bygningar skal altså vere halvhøge og rette. Og sjå litt gamle ut. Og vere usedvanlig vakre.
§8. Kulturinstitusjonar som ligg nær heimen til folk som skriv om kultur, bør ikkje flytte til ein plass som ligg lenger unna heimen til folk som skriv om kultur, og i alle fall ikkje til ein ny bygning som sperrar for utsikta frå heimen til folk som skriv om kultur.
§9. Utsikt skal vere ein konstant ting. Nye bygningar bør derfor plasserast slik at ingen får forandra utsikta si, altså på plassar der ingen ser dei.
§10. Kulturinstitusjonar bør vere tilgjengelige for folk og ha sentral plassering.
§11. Kulturinstitusjonar bør altså primært ligge heilt sille, sentralt og lett tilgjengelig på plassar som ingen ser, i halvhøge rette halvgamle vakre bygningar som heller ingen ser.
§12. Om dette (§11) skulle vere vanskelig å få til, og ein for eksempel må bygge nytt og til og med på ein plass der det er fare for at nokon kan komme til å få auge på bygningen, skal følgjande kriterium vere oppfylte:
a) Alle i Norge skal like bygningen og vere einige i at det er ein god idé å bruke heller mykje pengar på dette.
b) Bygningen skal vere så sensasjonelt original at den vil tiltrekke seg hordar av turistar og arkitekturinteresserte og sette Norge på kartet som eit land som vågar å tenke stort og annleis.
§13. Om det er tvil om bygningar skal vurderast som vakre/originale eller ikkje, så skal dette avgjerast av folk som skriv om kultur etter at bygningane er ferdige og ein ser om folk bruker dei og liker dei.
Då skulle det vere på plass. Og for ordens skuld, fordi eg fryktar at dette kan vere ein nødvendig til å seie: Det med å diskutere kvar Knausgård bør bu, var meint som ein vits, ikkje ei oppmoding til overivrige kulturdebattantar.

Publisert: 05.02.2010

|
|


|