For VIP-brukarar:
Gløymt passord Ny brukar
|
Slim i trynet

Her kjem eit OL-løfte eg skal klare å halde.

OL er straks i gang. Det betyr at om du skrur på ein tv ein eller annan gong i løpet av dei neste vekene, så er det overveldane sannsynlig at det du får sjå er ein andpusten trønder med slim i trynet som står i eit målområde og seier eit eller anna totalt ubegripelig.
I tillegg er det store sjansar for at vi kjem til å lære ein heil del om Canada. For det skal sendast mykje tv i pausane også, mellom konkurransane, når det ikkje er nokon trønderar som er ute i skogen og pådrar seg slim i trynet. Når hopprenn blir utsette på grunn av vind og utforrenn blir avlyste på grunn av regn. Då skal det også sendast noko. Og her snakkar vi mange timar til saman. Og det er her ein må vere kreativ. Det var lettare sist det var OL, i Beijing. Kina er stort og rart, og kinesarar gjer mykje uvant. Kina har kommunisme og penisrestaurantar og masse folk i rare hattar. Canada er litt kjedeligare. Det er grenser for kor mange artige reportasjar ein kan lage om at Canada er eit relativt velfungerande moderne demokrati som er heller mildt ramma av finanskrisa. Det finst sikkert originalar i Canada også, men dei er nok ikkje fullt så originale som i Kina. Dei liknar nok meir på alle dei norske raringane vi ser på tv kvar einaste dag resten av året. Det er derfor ein må vere oppfinnsam for å fylle alle OL-pausane denne gongen.
Og den første store pausen er allereie over: Pausen i tida før den første konkurransen, når både reporterane og utøvarane er på plass og alle berre ventar på at det skal komme i gang. Ein kan som regel stole på at det dukkar opp ein dopingskandale som fyller deler av denne pausen, men dopingskandalar er heller ikkje så veldig originale. Ein må ha meir. Derfor har vi allereie lært ein del om Canada. Vi veit allereie ein del om korleis det ser ut i Vancouver. Vi veit allereie ein heil del om oppladinga til dei norske utøvarane. Få overraskingar. Men for nokre dagar sidan fekk eg sjå eit utanomsportslig OL-innslag som eg verkelig ikkje hadde rekna med i år: Ein professor med skjegg advarte mot for mykje OL på tv. Han meinte at det er skadelig for folk med så mykje OL-dekning, at det er fare for at folk blir hekta. Han samanlikna sport med opium. Han meinte at sport på tv både er fordummande og sløvande.
Næmen, tenkte eg då eg såg dette. Næmen, så søtt.
Finst slike framleis? Eg trudde dei forsvann omtrent samtidig med så mykje anna frå min ungdom: Drama, Creation, meksikansk gryte og Ungdommens Radioavis. Alle desse tinga som tek meg tilbake til tenåra. Og ein del av tenåra mine var også folk, ofte professorar, ofte med skjegg, som advarte mot for mykje fordummande sport og underhaldning på tv.
Og la det vere heilt klart: Det var ikkje for mykje fordummande sport og underhaldning på tv den gongen. Det var altfor lite. Det var derfor det var den gongen vi var hekta. Ikkje no. Det var den gongen vi hadde eit sjukt forhold til underhaldande og fordummande tv. Det var den gongen vi faktisk satt oppe klokka fire om natta for å sjå semifinalar i kortbaneløp. Ikkje fordi vi var interesserte i kortbaneløp, eller forstod kva det var, men fordi det var sport på tv, og vi visste kvar gong at det kunne bli ei stund til neste gong. Vi krangla oss til å få vere lenge oppe for å sjå eit redigert opptak av ein treningskamp der det norske fotballandslaget spelte 0-0 mot eit ikkje spesielt underhaldande austeuropeisk lag i tåke. Og vi tvinga oss sjølve til å halde oss våkne, sjølv om kampen var meiningslaust kjedelig. Vi såg tv-seriar vi verkelig ikkje likte, berre fordi dei blei karakteriserte som underhaldningsseriar. Vi visste at det var dette vi fekk. Derfor måtte vi sjå det.
No gjer vi sjølvsagt ikkje slikt meir. No har vi vett til å la vere å sjå på noko som ikkje interesserer oss og som til gjengjeld blir sendt midt på natta.
Men denne gongen skal eg faktisk gjere det. Eg bestemte meg etter å ha sett professoren. Denne gongen skal eg heidre mi eiga ungdomstid og sjå alt. Eg skal verkelig sitte oppe klokka fire om natta og sjå semifinalar i kortbaneløp. Og eg skal ete meksikansk gryte heile tida!
Og kom ikkje her og påstå at det er fordummande. Eg kjem til å vere reine Canada-eksperten om eit par veker.

Publisert: 12.02.2010


|

|

|

|

|

|

|

|

|

|
Kommentarar til "Slim i trynet":


Trond frå Bergen:
Joda, dette vekker minner. Eg er gamal nok til å hugse den tida då NRK var sosialdemokratisk nok og ansvarsfull nok til å fortelle oss, på tv, at me ikkje burde se så mykje på tv.
Det var den tida då akademikarar med skjegg trudde at viss me ser mykje på tv når me berre har éin kanal, ville me se dobbelt så mykje på tv med to kanalar, og tredobbelt så mykje på tv med tre kanalar, osv. Dei var dumme til å vere så smarte.
17. februar 2010 - Kl. 10:43
|

Elgemannen frå Nord for Oslo:
Kortbaneløp er sinnsykt artig. Det ble faktisk australsk gull forrige gang.
Alle de artige kineserne, eller var det koreanere ?? , de falt alle sammen i siste sving, selv uten rare hatter 8=)
Heie kengurulandet !!!
Men klokka 4 om natta med kald texmex gryte blir nok litt fordummende for meg...hehe
Men, jeg skal ta opp alle curlingkampene på video, så kan jeg se på de isteden for underholdningen (eller mangel på sådan) på NRK hele sommeren, og spise kald betasuppe...
12. februar 2010 - Kl. 17:22
|

Svein O.:
Jeg synes meksikansk gryte er knallgodt. Jeg spiser det ved jevne mellomrom fremdeles. Jeg vil ha meg frabedt at du er nedlatende mot denne matretten. Hadde jeg vært taxisjåfør skulle jeg gått til streik med en gang!
12. februar 2010 - Kl. 12:47
|

Klikk her for å kommentere denne saka.
|
|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|

|
|
|


|