For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Mitt forsøk



Eg har lært noko vesentlig om livet denne veka.

Det er ikkje ofte det skjer, men denne veka opplevde eg noko som forandra synet mitt på livet. Noko som fekk meg til å sjå ting klarare. Eg veit at dette er store ord, men eg trur verkelig at eg no forstår betre kva livet handlar om. Ja, det er pompøst. Eg veit det. Men eg trur du vil vere einig med meg når du får høyre kva eg har opplevd. Eg forstår kva som er viktig no. Det var torsdag ettermiddag. Eg bestemte meg for å ta ein OL-pause og få meg litt luft. Det finst trass alt viktigare ting i livet enn OL. Ute var det kaldt og kvitt, som vanlig. Eg gjekk innom ein kiosk for å kjøpe ein kaffi å varme meg på. Og det var då det skjedde. Bak disken stod ein mann med veldig langt hår. Litt som Karl Ove Knausgård. Unnskyld. Det var ikkje meininga at dette skulle handle om Knausgård. Men altså, mannen bak disken hadde langt hår. Og skjegg. Omtrent som Knausgård, men la meg finne ei anna samanlikning, ei som ikkje er like forstyrrande. Han hadde skjegg. Mykje skjegg. Omtrent som han sinte muslimen frå Larvik. Nei. Unnskyld igjen. Dette skal ikkje handle om sinte muslimar. Og ikkje om Knausgård. Sjølv om mykje anna handlar om det. Det skal handle om det som skjedde meg denne torsdagen. Eg trur vi alle kan lære av det eg opplevde denne torsdagen, nemlig. Ok, kvar var eg? Jo. Eg gjekk altså inn på denne kiosken. Det er forsåvidt ikkje viktig korleis mannen bak disken såg ut. Det som er viktig er at dette var ein heilt vanlig kiosk. Med pølser. Med brus. Med tabloidaviser med bilde av Knausgård på framsidene. Nei nei nei nei nei!! Eg fattar ikkje kvifor eg driv og snakkar om han heile tida. Eg er ikkje spesielt interessert i Knausgård. Eg har ikkje eingong lese dei tre siste binda, og kjem nok ikkje til å gjere det heller. Så eg forstår verkelig ikkje kvifor eg skriv om han. Eg er då verkelig ikkje interessert i kva han gjorde med småjentene nordpå då han var vikarlærar. Ikkje er eg heilt sikker på kvifor eg veit at han har vore vikarlærar nordpå heller. Eg kan då umulig ha lese om det, eg som ikkje er interessert eingong. Det er ikkje det at eg har noko imot Knausgård, altså. Eg er heilt nøytral. Avslappa. Same for meg. Eg har eit avklart forhold til mannen. Omtrent som alt som har med religion og ytringsfridom å gjere. Eg er ikkje interessert i dei tabloide kranglane om dei få ekstreme. Eg har gjennomtenkte prinsipielle haldningar til desse spørsmåla. Eg veit kvar eg står. Eg tek mine eigne val. Eg bestemmer sjølv kva eg vil vere opptatt av. Og korleis. Eg er heilt avslappa. Merkelig, sjølvsagt, at eg skriv og snakkar såpass mykje om ting eg har eit heilt avslappa forhold til. NOK OM DET!!! Dette er uansett ikkje poenget. Poenget er at eg har lært noko. Og eg var altså inne på denne kiosken, denne vanlige kiosken, med han fyren bak disken som ikkje såg ut som verken ein muslim frå Larvik eller ein forfattar med langt hår. Han såg ut som... ein... eg vil ikkje seie at han såg ut som ein karikatur, akkurat. Ikkje ein gris heller. Ein gris med skjegg, kanskje? Omtrent som Knausgård, som etter det eg har høyrt var litt av ein gris då han var vikarlærar nordpå. NEI NEI NEI NEI NEI NEI NEI! Okei, samling no. Nasjonal samling, for å bruke eit gammalt uttrykk ein ikkje bør bruke. Omtrent som Knausgård har gjort med Hitler-tittelen «Min kamp». Ikkje at eg bryr meg. MEN ALTSÅ! For å komme tilbake til hovudsaka. Eg gjekk inn på ein muslim... ein kiosk, meiner eg. Ein kiosk. For å kjøpe meg ein kopp knausgård...kaffi! KAFFI!! Ein kopp kaffi skulle eg kjøpe meg. Eg betalte mannen bak disken. Eg trur forresten han heiter Karl, utan at det er viktig. Så gjekk eg ut att i gatene med kaffibegeret i handa. Kulden låg som ein... som ein burka? Nei, kulden var tyngande. Tung som eit seksbindsverk? Nei. Uansett, det er ikkje viktig kor kaldt det var. Det viktige er det eg lærte denne dagen. Men det har eg no gløymt. Beklager. Denne teksten heldt nok ikkje det han lova. Omtrent som Knausgårds fjerde bind. Har eg høyrt.

Publisert: 27.02.2010











Kommentarar til "Mitt forsøk":












Trille frå Nordpå:
Du får sagt det viktige uten å si det:) GENiaLT:DDDDD
5. mars 2010 - Kl. 20:03
Margrete:
Haha, morsomt xD
4. mars 2010 - Kl. 19:23
Inger frå Østråt:
Snorre frå Bergens kommentar var den beste :)
(om den var ment ironisk, eller ikke)
3. mars 2010 - Kl. 23:08
Lene:
*Fniis* Skjønner hva du mener:)
3. mars 2010 - Kl. 12:23
Halvard frå Oslo:
Det mest fornuftige innlegg i samfunnsdebatten eg har lest på svært lenge.
28. februar 2010 - Kl. 17:30
Eplekjekken:
Slik har jeg det også. Skal egentlig si noe veldig viktig og bra, men greier bare å snakke om Are Kalvø.
28. februar 2010 - Kl. 15:32
Snorre frå Bergen:
Hvem er Knausgård? Skjønte ingenting av dette. Ikke var det morsomt heller.
28. februar 2010 - Kl. 14:20
erling frå telemark:
Du har vore betre før.




28. februar 2010 - Kl. 00:06
Selda frå Bergen:
LOL!
27. februar 2010 - Kl. 20:58
Ragnhild frå Sandefjord:
Godt forsøk... ;) Nå var du funny
27. februar 2010 - Kl. 20:04
Heidi frå Oslo:
Jeg bøyer meg i snøføyka.
27. februar 2010 - Kl. 15:20

Klikk her for å kommentere denne saka.