For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Det gode livet på bakken



Tenk om dette var den eine gongen overdrivingane var heilt sanne

Kan vare i flere uker, stod det. Alle nettavisene skreiv det på torsdag. Eg trudde ikkje på det, naturligvis. Sjølvsagt trudde eg ikkje på at eit vulkanutbrot i eit anna land, at ei askesky eg ikkje ser, verkelig kan stoppe all flytrafikk i vekevis. Eg trur ikkje på slikt. Eg er ikkje typen som hamstrar kvar gong det blir meldt om fare for streik. Eg kjøper ikkje munnbind kvar gong det blir meldt om fare for smitte. Eg ser nyheiter, og reknar med at dei overdriv. Og eg reknar med at det kjem til å gå greitt. For vi som bur i Norge har vent oss til at det går greitt. Det ordnar seg. Nokon ordnar opp. Kvar gong det skjer noko som absolutt ingen kunne ha vore førebudde på, så går det maksimalt eit døgn før vi forventar at styresmaktene ordnar opp, og vi er rysta over at dei ikkje var førebudde på at noko slikt kunne skje.

Så eg reknar med at det ordnar seg denne gongen også. Eg ikkje berre reknar med det, eg forventar det.

Men likevel. Ei stund tenkte eg over korleis vi ville ha takla det om vi faktisk måtte klare oss utan fly i fleire veker. Og då tenkte eg ikkje berre på konsekvensane for kvardagen til folk. Eg tenkte ikkje først og fremst på alle historiene vi allereie har lese om og høyrt om: Folk som ikkje kjem seg på ferie, møter og konsertar som må avlysast, fotballaget til Sandefjord som må køyre nokre hundre mil i buss til bortekamp mot Tromsø.

Eg tenkte på flyplassane, for eksempel. Tenk om dei verkelig blei ståande tomme og ubrukte i vekevis. Folk ville ikkje møte opp på jobb. Det skjer ikkje noko i dag heller, ville folk tenke, det er ingen vits. Butikkane stenger. Lukene stenger. Tavlene blir sløkte. Kafeane stenger. Til slutt er der heilt tomt. Bortsett frå alle reporterane som sjølvsagt framleis er der for å rapportere om at det er tomt på flyplassen i dag også. Og reporterane får god tid til å snakke med kvarandre mellom rapportane. Ingen butikkar å kike i. Ingen kioskar. Ingen kafear er ope. Ingenting anna å gjere enn å prate med kvarandre. Kanskje ville dei funne tonen på ein heilt ny måte. Kanskje ville dei arrangert piknik på rullebanen. Eller fotballkamp. Invitert venner og familie på grilling ved gate 32. Kvifor ikkje legge søndagsturen til flyplassen? Det er god plass. Og veldig stille utan alle flya. Kanskje ville dei kjent korleis roa senka seg der ute på den tomme flyplassen. Ikkje noko stress meir. Dei misunner ikkje lenger kollegaene som blei sendt ut for å rapportere frå togstasjonane. Dei kjenner ikkje misunning i det heile. Ikkje misunning. Ikkje stress. Dei er berre glade for at dei slepp å vere på dei masete togstasjonane. Dei har funne lykka i livet. Dei tek nye val der ute på flyplassen, bestemmer seg for å seie opp jobbane sine og prioritere heilt annleis. 

Og tenk på Jens Stoltenberg, som ikkje kom seg frå New York. No kom han seg jo til Madrid etter kvart, men tenk om han ikkje hadde gjort det. Tenk om beskjeden kom om at det kjem ikkje til å gå fly over dette havet på halvannan månad. Slik at Stoltenberg måtte ta båt. Han måtte tatt Amerika-båten heim. Kanskje saman med mange andre europeiske topp-politikarar som også var askefaste i USA. Kanskje måtte dei dele båt. Kanskje måtte dei til og med dele lugar. Det er ekstraordinære tider. Ingen fly går. Alle må ta båt. Det blir trangt om bord. Statsleiarar må dele seng og frukostbord under heile overfarten. Dei får kontakt på ein heilt annan måte enn før. Dei ser kvarandre seint og tidlig om bord på båten, deler gode og dårlige dagar. Dei hjelper kvarandre når det trengst. Her må alle improvisere. Her må den norske statsministeren halde håret til den sjøsjuke belgiske byråkraten som må kaste opp. Her speler dei kort om kveldane. Og diskuterer verdensproblem, vil eg tru. Og dei har det ikkje travelt. Eit hav skal kryssast. Det er god tid. Kanskje løyser dei faktisk til og med nokre verdensproblem der ute på havet. For dei snakkar annleis når dei har blitt venner på denne måten, og når dei har god tid. Det kjem heilt andre idear, og dei har blitt trygge på kvarandre, så ingen er redde for å kaste fram idear, alle seier det dei tenker. Og ja, nokre av ideane er skikkelig gode. Alle er enige om det. Dette løyser faktisk det meste. Så når politikarane og byråkratane endelig går i land i Europa etter ein lang tur over havet, i småskitne og krøllete klede (dei hadde jo ikkje pakka for meir enn ein liten vekestur), så er dei flirfulle og held rundt kvarandre, og kunngjer for dei frammøtte pressefolka at dei har løysingane på fleire av vår tids største problem. Og så roper pressefolka «Hurra!» og kastar pennane i lufta. Og så drar alle ut til den tomme flyplassen for å grille.

 Men som sagt, eg reknar med at det ordnar seg denne gongen også.

 


Publisert: 17.04.2010











Kommentarar til "Det gode livet på bakken":


Jorunn Sandvik frå Nordfjordeid:
Eg har vore inn epå tanke, ennom vi no opplever noko vi ikkje tenkte var mogeleg. det gjer vi jo allereie, men eg meinar at om flyplassane ikkje opnar på lenge. Mykje vert endra, vi må legge om alle slags vaner med tanke på å forflytte oss. Nye mønster vert laga og vi moderne menneska som lenge har teke alt for gitt må endre oss. vi blir kanskje snillare og meir sosiale? denne gongen kan vi ikkje hisse oss opp og skulde verken på Magnhild meltveit Kleppa, eller nokon annan som styrer og steller.
18. april 2010 - Kl. 02:23

Klikk her for å kommentere denne saka.