For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


Slaskefast



Dette er ei bønn om forlenging av flykaoset.

På vegner av alle oss som jobbar i avis, ber vi med dette om at ein held fram med å innstille flyavgangar på grunn av askeskya frå Island i minst nokre veker til. Vi veit at dette medfører store problem for passasjerar, flyselskap og heile reiselivsnæringa. Men vi vil også minne om at mange norske aviser slit med sviktande sal og krisetendensar. Askeskya har vore ei gåve for oss, og vi har framleis veldig mange gode aske-ordspel som vi ikkje har fått brukt. I ei vanskelig tid for medie-Norge, er det å bli sittande med ubrukte ordspel og nyord ein luksus vi ikkje har råd til. Derfor ber vi om at flykaoset held fram.

For at alle skal forstå alvoret i saka: Her er nokre av dei mange nyorda og dei mange askesky-relaterte ideane vi ikkje har fått brukt, og aldri vil få brukt om flytrafikken normaliserer seg i løpet av dei nærmaste dagane:

Askebegersvinger: Intervju med ein glad gjeng som har blitt sittande fast på grunn av innstilte fly, og som nyttar ventetida til å drikke relativt mykje alkohol.

Flaskefast: Intervju med ein glad gjeng som har blitt sittande fast på grunn av innstilte fly, og som nyttar ventetida til å drikke relativt mykje alkohol av flaske.

Askebrett: Møte med ein person som nyttar ventetida til å trene, og som derfor har fått veldig flotte magemusklar
 
Plaskefast: Møte med ein familie som nyttar ventetida til å ta seg eit bad

Raskefast: Møte med ein person som er kjent for stor fart: Usain Bolt? Petter Solberg?. som har blitt ramma av askeskya
 
Naskefast: Møte med ein person som nyttar ventetida til å stele litt i butikkane på flyplassen
 
Askeri: Stor artikkel om konsekvensane askeskya og flyinnstillingane har fått for vaskeri-bransen

Askeir Borgemoen: Møte med ein kjent tidligare barne-tv-programleiar som har blitt ramma av innstillingane.

Askebjørn: Møte med eit dyr som har blitt ramma av innstillingane

Asker: Intervju med ein askeskyramma person som kjem frå ein kommune ikkje langt frå Oslo
 
OppvASK: Artikkel om oppryddingsarbeidet på Island
 
Hjernevaskefast: Intervju med kjønnsforskar som ikkje rakk fram til debatt med Harald EIa på grunn av askeskya.
 
Asketak: Rikt illustrert artikkel om folk som begynner å slåss i ombookingskøa på flyplassen.
 
Askeradeball: Feelgood-reportasje om islendingar som held motet oppe og arrangerer kostymefest.
 
Smaskefast: Intervju med kjærastepar som har blitt sittande fast på grunn av askeskya og som nyttar ventetida til å kline.

Slaskefast: Intervju med person som står fast på grunn av askeskya og gir faen.

Askefastelavn: Idé som ligg på vent i tilfelle situasjonen vedvarer i nesten eit år.

Askerix: Intervju med islending som har fått teikneseriesamlinga si øydelagt av aske.
 
Vask Burlefot!: Intervju med islending som har fått Agnar Mykle-samlinga si øydelagt av aske.

Traskefast: Møte med folk som bestemmer seg for å gå i staden for å ta fly.

Som de forstår, situasjonen er alvorlig. Nokre veker til er alt vi ber om.

På førehand takk.


Publisert: 24.04.2010











Kommentarar til "Slaskefast":




Hemulen frå Tønsberg:
Har også sett at det vistnok også var mange som ble over-asket før det hele fl-asket seg til slutt.
26. april 2010 - Kl. 16:41
Elgemannen frå Nord for Oslo:
Artig vri selv om det ikke engang er askeonsdag idag 8=)

Reiselivsnæringa går nå nye veier og arrangerer tematurer til Island - for asketer ;)
26. april 2010 - Kl. 14:08
Håkon frå Rælingen:
Du glemte askepott! Dagens Næringsliv har allerede meldt om at SAS krever askepott fra EU.
26. april 2010 - Kl. 13:12

Klikk her for å kommentere denne saka.