For VIP-brukarar:
Email:
Passord:
Gløymt passord
Ny brukar


2010, null poeng



Det blir likevel ikkje internasjonal finale i Melodi Grand Prix i Norge i mai.

Etter planen skulle den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix gått av stabelen på Telenor Arena i Bærum 29. mai 2010. No blir finalen utsett på ubestemt tid. Dei ansvarlige synest ikkje dette er ei stor sak.

-Dette er heilt udramatisk, seier ei kjelde hos arrangøren. -Det er berre snakk om ei utsetting av tekniske årsaker.

Det har heile tida vore garantert at finalen skal haldast 29. mai. Denne datoen står i annonsar og tv-program over heile Europa. Arrangøren har ikkje berre garantert at finalen skal gå denne dagen. Dei har også lova ein historisk god finale. Under eit julebord i NRK i fjor, skal ein av dei ansvarlige ha sagt i ein tale: Den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix skal bli vår månelanding! 

Likevel avviser arrangøren at det er snakk om eit løftebrot.

-Det er veldig vanskelig å arrangere Grand Prix-finale. Noko så stort som dette har aldri tidligare blitt arrangert i ei bygd som Bærum. Når ein skal gjere noko som aldri har vore gjort før, er det viktig å ta den tida ein treng.

I månelandings-talen blei det ikkje berre lova ein historisk god internasjonal finale, det blei også lova at denne finalen skulle bli den hyggeligaste og mest miljøvennlige finalen i Grand Prix-historia. Det blei garantert ein utsleppsfri finale nesten utan straumbruk, og gratis frukt til alle frammøtte.

-Det var noko vi berre sa. Vi har ein del SV-arar som jobbar her. Dei liker å høyre sånt.

Arrangørane seier at dei framleis har ambisjonar om ein spesielt miljøvennlig og hyggelig finale, men at det altså tek meir tid enn planlagt, av tekniske årsaker.

-Det er mange ting som har vist seg å vere meir tidkrevjande enn vi hadde trudd. For eksempel skal Aserbajdsjan ha fem dansarar i bar overkropp på scena. Samtidig. Det er mykje ekstra hud som skal sminkast. Dessutan skal svært mange ha vindmaskiner for at det skal sjå ut som om dei syng i motvind. Eit historisk stort tal på vindmaskinar vil vere i bruk samtidig. Det er mykje som skal koordinerast. Dette er litt av eit løft.

en viktigaste grunnen til utsettinga er likevel at arrangøren oppdaga at det skal vere to semifinalar i tillegg til finalen.

-Det seier seg sjølv at det blir mykje vanskeligare. Tre gonger så vanskelig, faktisk.

Likevel avviser altså arrangøren at utsettinga er eit nederlag.

- Absutt ikkje. Ambisjonane våre er like store som dei alltid har vore. Ingen løfte er brotne. Ingenting er forandra. Det som er aller viktigast å understreke er dette: Det blir Eurovision 2010 på Telenor Arena, og det blir ein historisk bra finale. Det blir berre ikkje i 2010.

-Når blir det?

-Det er vanskelig å seie. Vi håper å komme i gang med prøver i 2014. Då vil vi kanskje vere klare med sjølve finalen i 2018.

-Kan de då garantere ein utsleppsfri finale med gratis frukt til alle?

-Det kan vi godt. Og sidan dette er såpass lenge til, så vi kan også godt garantere at alle vindmaskinene skal byttast ut med vindmøller.



Publisert: 08.05.2010











Kommentarar til "2010, null poeng":






Øyvind frå Stavanger:
... and 20 points go to ... "de rød ehm.. brune"
13. mai 2010 - Kl. 23:50
Kristin:
Knall! ;-)
10. mai 2010 - Kl. 21:38
Arnstein frå renseland:
Ord.
9. mai 2010 - Kl. 00:10
Olsen:
Morsom ide - men litt for tydelig! Men lo!
8. mai 2010 - Kl. 22:36
Gunn frå Kristiansand:
Jaja, så lenge det blir gratis frukt til alle så blir det sikkert bra.... kanskje, muligens eller? *ler*
8. mai 2010 - Kl. 16:18

Klikk her for å kommentere denne saka.