3 mot 1 er feigt

Show på Sentrum Scene

Eit show for alle som har vakse opp. Eit show som stiller dei store spørsmåla. Kva er det som formar oss? Kva er det som gjer oss til dei vi er og blir? Kva er det som sitt igjen frå oppveksten? Kubetriks? Nik Kershaws tekstar? Algebra? Og, med tanke på alt dette: Er det sikkert det er spesielt smart å overlate samfunnet til sånne som oss?



Showet hadde premiere på Sentrum Scene i Oslo 31. oktober 2001, og blei seinare vist på Drammen Teater, Teatergarasjen i Bergen, Storfjord Kulturhus på min heimstad Stranda og i Sandnes Kulturhus.



Dei som var med: Skodespelarar: Christine Hope, Espen Beranek Holm og Are Kalvø Musikarar: Jan Swensson, Øystein Jevanord og Espen Beranek Holm. Saman er dei krafttrioen Oslo Plektrum. Instruktør: Alexander Mørk-Eidem Produsent: Standup Norge/Elina Krantz



 



 


Are Kalvø - 31.10.2001