Fortida er tilbake

På tur 2002/2003

"Fortida er tilbake" er ein slags modifisert turne/klubbversjon av "3 mot 1 er feigt" utan kulissar og kostyme (Altså, ikkje heilt utan kostyme, men du forstår kva eg meiner dersom du verkelig vil).



"Fortida er tilbake" inneheldt høgdepunkt frå "3 mot 1 er feigt", eit par eldre nummer, ein del ting som var spesiallaga for denne framsyninga, og god popmusikk frå bandet Oslo Plektrum.



Showet blei spelt på kulturhus, studentkroer og klubbar i 2002/2003. Vi spelte følgjande stader: Lillehammer, Nøtterøy, Tynset, Elverum, Ørsta, Kirkenes, Vadsø, Sandefjord, Trondheim, Stryn, Bryne, Suldal, Askim, Oslo og Ås.



Dei som var med: Espen Beranek Holm, Are Kalvø og Oslo Plektrum (Espen Beranek Holm, Jan Swensson og Øystein Jevanord)


Are Kalvø - 07.01.2003