Det folk vil ha

Revy med danseband og diktator på Det Norske Teatret

Ein revy som fortalde historia om alt som skjedde etter at Sverige og Norge blei slått saman til eitt land i 1905 og utvikla seg til å bli ei internasjonal stormakt med Benny Borg som sympatisk diktator.



Eg hadde hovudansvaret for manuset, men utnytta undervegs i skrivearbeidet i kvalmande grad gode kollegaer som Karsten Fullu, Morten Lorentzen, Per Kristiansen, Elisabeth Botterli, Peder Udnæs, Jørgen Mehren og Knut Nærum.



Eg stod også på scena i lys blå dress i rolla som ein ikkje berre trivelig konfransier og rådgivar for diktatoren.



Revyen hadde premiere på Det Norske Teatrets hovudscene 3. september 2005.



Dei som var med: Regi: Lasse Kolsrud. Skodespelarar/dansarar: Benny Borg, Belinda Braza, Charlotte Frogner, Niklas Gundersen, Lars Jacob Holm, Are Kalvø, Svein Roger Karlsen, Gustav Nilsen, Iren Reppen, Björn Sandberg, Per Schaanning og Sunniva Egge Sipus. Etter nokre månader blei Svein Roger Karlsen og Per Schanning erstatta av Sigve Bøe og Espen Løvås. Musikarar: Christine Gullhav, Ronny Gyllensten, Nils Jansen, Bjørn Kjellemyr, Erik Løkra, Svein Johann Ose, Ole Morten Sommer. Musikalsk leiing: Svenn Erik Kristoffersen. Komponistar: Svenn Erik Kristoffersen, Espen Beranek Holm. Scenografi: Arne Nøst. Koreografi: Jonas Digerud. Kostyme: Christina Lovery. Maske: Nina Block. Lys: Ingrid Tønder. Lyd: Tore Gustavsen. 


Are Kalvø - 10.07.2006