Pratagraf

Tullprat og trommer med Are Kalvø, Espen Beranek Holm og Batagraf

Det var jazzmusikaren Jon Balke som kom opp med den sjuke ideen å invitere to pratmakarar til å samarbeide med trommegruppa Batagraf. Fire perkusjonistar og to tøysekoppar. Trommer og tullprat. Parodiar og perkusjon. Sludder og slagverk. Vi kunne kalla samarbeidet mykje. Vi valde å kalle det Pratagraf. Fordi det er Batagraf med prat. Saman med Espen Beranek Holm og Batagraf har eg hatt konsertar, eller kva vi skal kalle det, i Oslo, Arendal, Bodø og Trondheim i 2007 og 2008.


Are Kalvø - 23.11.2008