Norge-Brasil, ein fotballopera

Norges første fotballopera, Oslo-versjonen

Den lett tøysete operaen om då Norge slo Brasil i fotball-VM, med tekst av meg og musikk av Helge Førde, blei sett opp på Det Norske Teatret i Oslo i 2012.

Eg skreiv teksten. Erik Ulfsby hadde regien. Jonas Digerud var koreograf. Svenn Erik Kristoffersen var musikalsk leiar. Og eit kjempeensemble på teatret var nordmenn, brasilianarar, fotballstjerner, dommarar, linjemenn, trenarar, fans m.m. 

Framsyninga blei spelt på hovudscena på Det Norske Teatret våren 2012 og blei nominert til Hedda-prisen i kategorien Beste forestilling. 

Du kan lese meir om forestillinga og sjå bilde her.

Dei som var med: 

Ho som stikk: Charlotte Frogner

Jenta: Ida Holten Worsøe

Guten: Pål Christian Eggen

Han som jobbar: Jon Bleiklie Devik

Kjetil Rekdal: Niklas Gundersen

Jaques/Brasilianaren: Paul Ottar Haga

Kompis/Ronaldo: Gard Skagestad

Egil Østenstad: Trond Teigen

Stryningen/Ballen: Sigve Bøe

Brasilianarinna: Ellen Dorrit Petersen

Tore André Flo: Audun Sandem

Dommaren: Vidar Magnussen

Gjesten: Thomas Bye

Drillo: Per Schanning

Arne Scheie: Arne Scheie

Are Kalvø - 03.06.2012