Espen & Are

To menn. Mange stemmer. Mange innfall. Mykje rart.

Espen Beranek Holm og eg har jobba saman mykje og lenge. Men akkurat dette var noko vi hadde hatt lyst til å gjere så lenge vi har kjent kvarandre: Ei forestilling med berre oss to, ein gitar, ein datamaskin og stemmene våre. Ingen kostymeskift, ingen effektar, ingen parykkar. Det du får, er det du ser. Og det du ser, er to menn i kvite skjorter som pratar om ting som opptek oss, og syng litt, og gjer oss til ein heil del. 

Det handlar om språk. Om kor vanskelig det kan vere å seie det rette, både i kjærleiken, i kvardagen, i arbeidslivet, i media og i politikken. 

Vi turnerte med forestillinga sidan seint i 2011, og forestillinga forandra seg litt heile tida. 

I 2012 var forestillinga sommarshow på Park Hotel i Sandefjord. Frå april 2013 veksla forestillinga mellom Latter i Oslo og turnering på kulturhus landet over, heilt til vi sette punktum med finaleforestilling på Latter i 29. mars 2014, etter ca hundre forestillingar på ca femti ulike plassar. Det var stas. 

 

 

Are Kalvø - 11.10.2013