| Utskreven frå www.arekalvo.no |
|
Noko det er meining i Av Are Kalvø | Publisert: 13.08.2006 Ein skikkelig brannfakkel om jødar, nazistar, arabarar og teitingar. Først, før eg kjem til saka, vil eg understreke at eg ikkje har noko imot Jostein Gaarder, verken som forfattar eller menneske. Eller som mann. Eller fyr. Eller type. Eller debattant. Vidare ønsker eg å slå fast at eg har all mulig respekt for hans rett til å ytre seg, og til å bruke dei verkemidla han måtte ønske å bruke. Eg har dessutan ingen spesielle meiningar om dei verkemidla han bruker, eller innhaldet i det han skriv, verken som debattant eller som forfattar. Men det tyder altså ikkje at eg ikkje forsvarer retten hans til å skrive det han skriv slik han ønsker å skrive det. Det tyder heller ikkje at eg har noko imot dei som har spesielle meiningar om verkemidla han bruker eller innhaldet i det han skriv. Eg har ikkje noko imot alle dei som har reagert på det Jostein Gaarder har skrive. Eg forsvarer og forstår retten deira til å ytre seg akkurat slik dei ønsker å ytre seg. Eg forstår Jostein Gaarder også. Eg forstår engasjementet, utan at det må sjåast på som eit angrep på dei som ikkje er spesielt engasjerte. Dei har også krav på respekt og forståing. Eg forstår alle, utan at det dermed tyder at eg nødvendigvis er enig, eller at eg har noko imot alle dei som ikkje forstår alle. Det tyder ikkje at eg er uenig heller. Men eg har respekt og forståing for alles rett til å vere både enig og uenig. Eg har heller ingenting imot Finn Graff sine teikningar eller dei som demonstrerer mot Finn Graff sine teikningar. Eg har forståing og respekt for både Graff og dei som demonstrerer. Og for dei som ikkje har sett teikninga det blir demonstrert mot. Ein må ikkje gløyme dei. Dei har også krav på forståing. Og respekt. Det same gjeld sjølvsagt alle dei som ikkje har spesielle meiningar om Jostein Gaarders meiningar, og dei som er likegyldige til heile konflikten. Dei har dei rett til. Og det må vi respektere. Og forstå. Vidare er det maktpåliggande å understreke at denne artikkelen må sjåast på som ein heilskap, og at det fort kan gå gale om ein tek noko av det som står her ut av sin opphavlige samanheng. For eksempel ser eg no at eg for nokre linjer sidan skreiv at eg har respekt for dei som er ”likegyldige til heile konflikten”. Her er det viktig å hugse at ”konflikten” eg viser til er konflikten om Jostein Gaarders meiningar, ikkje sjølve konflikten i Midtausten. Dette er det vesentlig å få sagt, sidan ei slik setning lett kan bli tatt ut av samanhengen, omsett til eit språk eg ikkje kan, misbrukt av ein vrangvillig journalist, og vips så blir eg kalla stygge ting på nettsider verda over av folk som ikkje veit kven eg er, kva eg meiner eller kva eg har skrive, men som trur eg gir blaffen i Midtausten. Det må også understrekast at når eg nettopp no skreiv at ”eg gir blaffen i Midtausten”, så uttrykker ikkje det noko eg meiner eller gjer eller støttar, noko som går klart fram om ein les heile setninga, men det går ikkje like klart fram om ein tek orda ut av samanhengen, omett dei til eit språk eg ikkje forstår og overlet dei til ein vrangvillig journalist. Når dette er sagt, så må eg også ile til og understreke at eg sjølvsagt har respekt og forståing også for folk som tek ting ut av samanhengen og omsett det til språk eg ikkje forstår. Og for vrangvillige journalistar. Samanhengen er ein stor ting, og ofte kan det vere vanskelig å få oversikt. Og sjølvsagt må journalistar ha lov til å vere vrangvillige. Dei har ein jobb å gjere, og eg har all mulig respekt for folk som har ein jobb å gjere, og måten dei vel å gjere desse jobbane på. Og dette tyder ikkje at eg hånar alle dei som ikkje har jobb. Dei har eg også respekt og forståing for. Dessutan, når eg no har understreka at eg ikkje verken er likegyldig til eller gir blaffen i Midtausten, så må det leggast til at eg sjølvsagt også har respekt for dei som ikkje har sterke meiningar om denne konflikten, eg har også forståing for – og meiner på ingen måte å henge ut - folk som synest denne konflikten er vond og vanskelig å få oversikt over. Men denne forståinga for dei som ikkje har sterke meiningar om konflikten, må ikkje tolkast som eit angrep på dei som har sterke meiningar om konflikten. Berre så det er sagt. Så, når alt dette er sagt, så er det vel på tide å gi seg. Unnskyld, forresten. Sånn i tilfelle. |