Livet er ein basar

Artikkel - nesten ein appell! - skriven til Redd Barna-aksjonen Verdens største basar i samband med TV-aksjonen 2003.

Dei fleste vaksne som går i barndommen er enten usjarmerande eller behandlingstrengande. Det er fordi dei fleste vaksne som går i barndommen, går i feil del av barndommen.

Når vaksne får det for seg at det er på tide å finne fram barnet i seg, finn dei fram barn på sitt mest støyande og usympatiske.

Når vaksne går i barndommen, gjer dei det ved å skilje seg og gifte seg om att med nokon som i alder ligg langt nærmare barndommen. Eller begynne på nytt, som det ofte blir kalla.

Eller dei prøver å finne barnet i seg ved å oppføre seg mest mulig som barn ved sosiale høve. Eller feire sin eigen førtiårsdag, som det ofte blir kalla.

Mange av dei flotte tinga vi gjorde som barn, derimot, dei sluttar vi med og vender aldri tilbake til.

For eksempel: Kvifor i all verda sluttar vi med basar?

Basar er kanskje den einaste ukontroversielle forma for internasjonalt politisk engasjement som finst. Det er godt for samvitet, godt for humøret, og det er lærerikt på fleire plan. I det heile tatt: Det er berre ekstremsuringar som kan klare å meine at det er noko negativt med basarar. Og ekstremsuringar er det som kjent liten grunn til å ta alvorlig.
Kvifor kan vi ikkje gå i den delen av barndommen?

Tenk så flott det hadde vore om du går til jobb ein grå måndags morgon, trøytt og fæl og frosen, med utsikter til endå ei trist veke på kontoret, med blikket rett ned i asfalten, som sjølvsagt er sprokken og fæl den også, og det går rykte om omstruktureringar og oppseiingar på jobben, og den nye sjefen er halvparten så gammal som deg og ser alltid irriterande sunn ut.

Og så kolliderer du med nokon, der du går med blikket i asfalten. Og når du ser opp, møter du det blide ansiktet til ein førtitre år gammal kontorist i dress som spør:
”Vil du kjøpe kake til inntekt for Redd Barna?”

Hadde ikkje det redda dagen? Hadde ikkje det redda veka?

Neste veke arrangerer Redd Barna tidenes største basar i samband med TV-aksjonen. Barn arrangerer basarar overalt. Kvifor ikkje nytte dette høvet sjølv? I lunsjpausar, før arbeidstid, etter arbeidstid?

Og etter denne veka så kan vi gjere det fast i tida framover. Ein gong i månaden, kanskje, eller i alle fall ein dag i året. I det minste kvar gong vi får lyst til å gå i barndommen.
Neste gong du kjenner deg litt for vaksen og satt og misfornøgd, bak ei kake! I staden for å begynne med spinning eller gå på fylla eller kjøpe motorsykkel eller ta ut skilsmisse eller pusse opp kjellarstova endå ein gong. Bak ei kake! Eller ta med deg ein stabel med bøker som du har gløymt å avbestille i bokklubben og veit godt at du aldri kjem til å lese, og still deg opp på ein plass med mykje folk og sel kaker og bøker for ei god sak.

Kanskje folk begynner å hugse kor fint det var, og snart fyller vaksne basararrangørar gatene rett som det er. Og ungane blir inspirerte til å halde endå betre basarar for å utkonkurrere dei vaksne. Fortaua er uframkommelige av basarar, og det gjer ingenting om fortaua er uframkommelige, for det er ingen som skal nokon plass likevel, for butikkane er tomme og dei offentlige kontora er stengte, for alle er ute i gatene for å selje vaflar og kaffi for Redd Barna. I styreromma konkurrerer mektige menneske i drakter og dress om å gi mest til kvarandre sine basarar. På Stortinget kjem ikkje partileiarane seg opp på talarstolen for å diskutere avgiftsdetaljar fordi det står benkeslitarar frå Hedmark og Troms i vegen og sel lodd for Afrika.

Hadde ikkje det vore noko?

Då seier vi det slik.



Are Kalvø - 19.10.2003