Grevinnen og hovmesteren - det endelige oppgjeret

Alle som påstår at vi ikkje blir påverka av media, bør tenke grundig over kva vi forbinder med jul.

For mange av oss er det vi ser på tv ein like uunnverlig del av jula som pakkar og pinnekjøt. Mange av oss meinar at det er ikkje skikkelig jul utan Donald-filmane eller Tre nøtter til Askepott eller Sølvguttene på TV.

Media kan påverke oss til å forbinde dei merkeligaste ting med jul, berre ved å vise det på TV ein gong i året. På grunn av det vi ser på TV, forbinder vi nemlig ein del heilt sjuke ting med jul. For eksempel ”Grevinnen og hovmesteren”.

For det første har denne filmen ingenting med jul å gjere. Han handlar om eit nyttårsselskap. Han handlar om ein mann som drikk seg full i arbeidstida, høgst sannsynlig for vertinnas eller arbeidsgivarens rekning, medan han lurer sin sannsynligvis blinde og litt dumme arbeidsgivar trill rundt.

Og kva skjer eigentlig på slutten av filmen? Jo, vertinna seier at ho skal legge seg, den no kanon fulle hovmesteren spør om det skal gjerast på den same måten som alle dei andre åra. Så blunkar han til kamera, og fører vertinna opp til andre etasje. Det som skjer etter middagen er altså, etter alt å dømme, at dei to hengir seg til utanomekteskapelig og sikkert ubeskytta sex, i fylla, ho i den trua at ho faktisk har gruppesex med Sir Toby, Admiral von Schneider, Mr. Pomeroy og Lord Winterbottom.

Alle som påstår at vi ikkje blir påverka av media, tenk på dette: Berre fordi ein eller annan i NRK ein eller annan gong bestemte seg for at det var ein god ide å sende sketsjen ”Grevinnen og hovmesteren” på lille julaftan, så går eit heilt land rundt og forbinder familievennlig julekos med ei historie om ein full mann som lurer seg til sex med ei blind eldre dame.

God jul.

(Mediemenerne 17/12 2003)

Are Kalvø - 17.12.2003