Groksfjord ruler

Djupt smiskande kåseri om lokalaviser, framført for Landslaget For Lokalaviser i april 2005.

Når eg ser ut over denne forsamlinga, så tenker eg: Dette kunne vore meg.

Eg kunne nemlig jobba i lokalavis i dag, viss ikkje så mykje hadde gått så fryktelig feil i livet mitt. Ein gong gong skreiv eg nemlig i ei lokalavis. Eg hadde ikkje fast jobb eller noko, men det kunne eg kanskje fått etter kvart. Eg skreiv i lokalavisa då eg gjekk på vidaregåande. Eg skreiv om handballkampar og fotballkampar, eg var begymra for rekrutteringa til lokalidretten, eg skreiv artiklar om kva ungdommen var opptatt av. Eg slo vitsar om rådmannen. Eg var med andre ord godt i gang.

Men så begynte ting å skje. Eg flytta. Eg hamna i dårlig miljø.

Eg ser med glede tilbake på arbeidet for lokalavisa. Eg fekk mykje ut av det arbeidet. Og då tenker eg ikkje berre på at eg slapp gratis inn på idrettsarrangement, sjølv om det naturligvis ikkje skal undervurderast. Eg fekk nemlig lov til å komme med mine eigne idear, og skrive artiklar om kva ungdommen i bygda dreiv med.

Eg skreiv mellom anna om då den nye Rocky-filmen kom med den omreisande bygdekinoen. Slik slapp eg inn på den filmen, sjølv om eg eigentlig ikkje var gammal nok.

Eg laga ein rikt illustrert artikkel om då det var hårshow på det lokale diskoteket. Dette var på åttitalet då frisyrane var umulige å skildre med ord, derfor måtte artikkelen vere rikt illustrert. Slik slapp eg inn på det lokale diskoteket sjølv om eg eigentlig ikkje var gammal nok.

Det å skrive for lokalavisa gjorde altså livet vesentlig lettare for meg i denne perioden, og redda meg i det som kunne blitt eit spesielt fryktelig år for meg. Eg var nemlig den yngste i mitt kull, og utan jobben i lokalavisa vile eg vore den siste i klassa som slapp inn på attenårsfilm og på diskoteket. Eg naut ein viss respekt for at eg hadde funne ein måte å snike meg inn på attensårsdiskotek som var heilt uangripelig. Det har som kjent lite for seg å prøve seg med falsk legitimasjon i ei bygd der alle kjenner alle.

Dette var mine første møte med medias makt.

Dette var også mine første møte med klisjeane om lokalavisjournalistsikk.

For det finst klisjear og fordommar om lokalavisjournalistar. Mellom anna at dei eigentlig har lyst til å jobbe i riksaviser. Det er sjølvsagt ikkje sant. Til det er skilnadene for store mellom riksavisene og lokalavisene.

Du vil for eksempel aldri sjå oppslag som ”Puppesjokk i Big Brother” i ei lokalavis. Viss den same episoden i det heile tatt blei omtala i ei lokalavis, ville overskrifa vore ”Groksfjord-jente på TV”. Og i artikkelen ville det stått at Groksfjord-jenta synest det er mykje arbeid men også mykje moro med tv, og at no ser ho fram til sommarferie med familien i Groksfjord.

Er det nokon frå Groksfjord her?

Det var det eg håpa. Eg har nemlig dikta opp Groksfjord. For at ingen skal føle seg spesielt uthengt så bestemte eg meg for å finne opp ein kommune. Eg vil nemlig ikkje at nokon skal føle seg spesielt uthengt, eg vil at alle skal føle seg like mykje uthengt. Eg er trass alt demokrat.

Evnen til å finne lokale vinklingar er noko av det som imponerer mest med lokalaviser.

Ei lokalavis skriv ikkje ”Paven er død”. Ei lokalavis skriv ”Groksfjordmann møtte paven i 1989”

Ei lokalavis skriv ikkje ”Svak norsk landskamp mot Moldova”. Ei lokalavis skriv ”Norsk landslagsspelar har slekt i Groksfjord.”

Dei skriv ikkje ”Märtha fødte på hytta”. Dei skriv: ”Groksfjordjente fødte også på hytta.”

Dei skriv ikkje ”Her er den nye rødgrønne regjeringen”. Dei skriv ”Groksfjording blir statssekretær.”

Ein kan kanskje seie at riksaviser er veldig opptatte av kva resten av verda synest om Norge. Lokalaviser er meir opptatte av kva resten av Norge synest om Groksfjord. Riksavisene er opptatte av å finne ut om det er nordmenn til stades ved internasjonale hendingar. Lokalavisene er opptatte av å finne ut om det er Groksfjord-folk til stades ved nasjonale hendingar.

På grunn av dette hender det at lokalaviser bir omtala som gode supplement til riksavisene. Dette er heilt misforstått. Det er sjølvsagt omvendt. Dersom det no er slik at det er for mange aviser i Norge, og at det er nokon av dei vi kan klare oss utan, så er det sjølvsagt riksavisene som er oveflødige. Riksavisene og dei riksdekkande tv-kanalane. Tenk dykk om.

Dei største avisene skriv stort sett artiklar om TV-program. Gjerne basert på noko nokon har sagt i eit TV-program om eit anna tv-program. TV-kanalane lagar nyheitsprogram og debattprogram der folk som er med i andre TV-program diskuterer avisartiklane der TV-program blir kritiserte. Dagen etter skriv avisene om reaksjonane frå andre TV-folk på TV-debattane om avisartiklane der TV-program blei kritiserte.

Dei treng ikkje oss.

Dei store riksdekkande avisene og tv-kanalane er i ferd med å bli heilt sjølvforsynte.

Dei har til og med sine eigne kokkar.

Lokalaviser kan ikkje drive på slik. Ei avis med femtenhundre abonnentar og fire tilsette kan ikkje berre skrive om seg sjølv. Det er rett og slett ikkje nok. Derfor er det heller ikkje sant at det er lokalaviser som er opptatt av dei veldig små og veldig nære tinga. Det er riksavisene som er det.

Og det er sjølvsagt ei mykje større utfordring å finne eit interessant intervjuobjekt blant femtenhundre enn blant fem million.

Lokalavisene er ein av desse institusjonane som folk gjerne er positivt innstilte til på ei litt nedlatande måte. Og bli omtalte på same måte som andre grupper mange er positivt innstilte til utan at det betyr at dei ønsker å pleie sosial omgang med desse gruppene. Homofile. Kvinnelige prestar. Nynorskbrukarar. Kanskje spesielt nynorskbrukarar. Homofile kjem det ikkje til å bli slutt på. Kvinnelig prestar kjem det berre til å bli fleire av etter kvart som det blir færre prestar totalt. Men nynorskbrukarar og lokalaviser er grupper som gjerne blir omtalte som sjarmerande og ikkje så reint lite tapre fordi dei held ut sjølv om dei eigentlig veit at slaget er tapt. Lokalaviser blir omtalte som sjarmerande tynne publikasjonar som skriv heilsides artiklar om bonden som fann ei deformert potet.

No er som kjent verkeligheita slik at det er minst like sannsynlig at Norges største riksavis skriv ein heilsides artikkel om ei deformert potet. Og samanlikar poteta med ein namngitt stortingspolitikar. Og intervjuar politikaren om det. Og politikaren svarar.

Så skriv lokalavisa kanskje om det. Viss politikaren tilfeldigvis skulle vere frå Groksfjord.

Desto lengre unna heimplassen du er, desto meir romantisk verkar han. Det er derfor ein god del av oss held fram med å abonnere på lokalavisa heimafrå. På den måten blir vi konstant minna om at heimbygda klarer seg veldig godt utan oss. Og vi blir konstant minna om at det skjer anna enn puppesjokk i Big Brother. Og vi blir konstant minna om at tida går. Eg les stadig vekk i lokalavisa mi om gamle klassekameratar som no sitt i kommunestyret, og snkkar veldig seriøst om barnehageplassar, for eksempel. Og eg tenker: Eg hugsar deg for tjue år sidan. Då var du på hårshow på det lokale diskoteket. Då var du ikkje mykje opptatt av barnehageplassar.


Are Kalvø - 11.04.2005