DET FOLK VIL HA?!?

Programbladteksten til revyen Det folk vil ha.

Det er få som må finne seg i så mykje som folk.

Det er dette folk vil ha, seier ein når ein skal forklare kvifor ein driv med porno. Det er dette folk vil ha, seier ein når ein skal forklare kvifor ein snikfotograferer kyssande kjendisar.

Det er dette folk vil ha, tenker politikarar som hoppar på trampoline.

Og så kan vi andre berre sitte der og spørje oss: Dersom det verkelig er dette folk vil ha, korleis kan det då ha seg at eg kjenner så få snikfotograferande trampolinehoppande onanistar?

Kva har folk gjort for å fortene dette?

Vi som er folk må finne oss i alt mulig. Gong på gong opplever vi at nokon som ikkje har det minste til felles med dei fleste av oss, uttaler seg på vegner av oss.

Eg er for eksempel ikkje ei ca. sekstitre år gammal dame med briller. Eg har aldri vore det. Og eg kjem nok aldri til å bli det. Eg er heller ikkje ein sur og negativ mann i femtiåra med beige skjorte. Eg har aldri vore det. Og eg håper eg aldri blir det. Eg håper eg ein dag blir ein mann i femtiåra, naturligvis, og eg skal vel også klare å leve med meg sjølv om eg blir sur og negativ. Men du vil aldri sjå meg i beige skjorte.

Likevel opplever eg stadig vekk at denne ca. sekstitre år gamle dama med briller og denne sure og negative mannen i femtiåra med beige skjorte uttaler seg på vegner av meg. På vegner av folk.

Det begynner med at dei presenterer ei nyheit på tv. Så seier nyheitsopplesaren noko om kva folk meiner om denne saka. Og så kjem det eit intervju med det som då tydeligvis er folk. Og det er nesten alltid ei ca sekstitre år gammal dame eller ein sur mann i femtiåra. Ofte i beige. Dei blir intervjua på gata. Eller på konditori. Eller på bensinstasjonen. Og dei er nesten alltid imot. Same kva. Og så seier dei noko om at no må desse politikarane ta seg saman. I eitt av verdas rikaste land.

Og så kan vi andre berre sitte der og spørje oss: Dersom det verkelig er dette som er folk, korleis kan det då ha seg at så få av mine vennar er ca. sekstitre år gamle sure snikfotograferande trampolinehoppande onanistar med beige skjorte og briller?

Som om det ikkje var ille nok at folk som ikkje liknar nokon vi kjenner uttaler seg på vegner av oss: Det er også nok av dei som ikkje vil ha noko med oss å gjere. For det er ikkje alle som vil ha folket på si side. Slett ikkje.

Ein samtidskomponist vil neppe seie om sitt siste verk at det er dette folk vil ha. I så fall vil det bli oppfatta som ein ironisk kommentar til vår tids Idol-fikserte kommersialisme.

Lars Saabye Christensen vil ikkje møte til lanseringspressekonferanse, slenge den nye boka si i bordet, slå ut med armane og seie: Det er dette folk vil ha. Sjølv om han sannsynligvis ville hatt heilt rett i det.

Hadde ein museumsstyrar opna ei ny utstilling med å seie, heilt utan ironi, at det er dette folk vil ha, ville han blitt kritisert sønder og saman og sett på som useriøs.

Useriøs?

Høyrer du?

Ikkje berre er vi ca. sekstitre år gamle sure snikfotograferande trampolinehoppande onanistar med beige skjorte og briller. Vi fortener ikkje å bli tatt seriøst eingong.

Greitt. Hadde vi verkelig vore ca. sekstitre år gamle sure snikfotograferande trampolinehoppande onanistar med beige skjorte og briller, så hadde vi kanskje ikkje fortent å bli tatt seriøst.

Men vi er jo ikkje det.

Mange av oss som er folk, er for eksempel førtitre år gamle. Og tolv. Og trettiåtte. Og arbeider i pølsekioskar og i finansdepartementet. Og bruker kontaktlinser. Og går i grønt. Og stemmer på Høgre og RV og speler bridge. Og liker biff og Anneli Drecker og Trondheim og regn og Davy Wathne og Kristin Halvorsen og Lillestrøm og Carl I. Hagen og kabal.

Her burde det då verkelig vere noko for einkvar?

Likevel er det mange som ikkje vil ha med folk å gjere, som meiner at dersom folk får det som dei vil heile tida, så vil vi om kort tid vere skikkelig feite, alle saman, og sitte i kvar våre sofaer og stappe ansikta vore fulle av usunn mat og glane dumt på tv-skjermar fulle av tenåringar som syng surt og innestengte halvnakne folk som har sex.

Og så kan vi andre sitte der og spørje oss: Tenåringar kan vel finne på verre ting enn å synge surt? Og dersom det verkelig var slik at det einaste folk vil ha er sex og tenåringar som syng surt, kven er då desse hundretusenvis som driv og ser på Dagsrevyen kvar einaste dag?

Og, ikkje minst: Dersom det verkelig er dette folk vil ha, korleis kan det då ha seg at eg kjenner så få ca. sekstitre år gamle halvnakne snikfotograferande trampolinehoppande onanistar som har sex og syng surt i beige skjorte og briller?

Nok er nok.

Det er på tide at folk slår tilbake. Og går i teatret for å sjå revyen som verkelig gir folk det folk vil ha.

Are Kalvø - 02.09.2005