Korleis kan vi bli kvitt bokmålet?

Endå eit forsøk på nynorsk sjølvironi for, av, om og med nynorskingar. Denne gongen skriven for Kringkastingsringens tiårsjubileum.

Kampen er i gang. Snart har vi vunne. Om ein går historisk til verks og ser på alle dei store nynorske sigrane, så kan det ikkje vere mykje tvil om at vi snart er kvitt bokmålet. Det kan ikkje vere mykje tvil om at vi nærmar oss samfunnet vi alle drøymer om: Samfunnet der bokmålsbrukarane enten har gitt opp frivillig eller sit bak lås og slå.

Sigrane har vore store og merkeåra mange.

1813: Ivar Aasen blir født. Som dei fleste sunnmøringar er han gründer, og bestemmer seg i mangel av noko betre for å grunnlegge eit språk. Dermed er kampen i gang. Det skal seinare vise seg at Aasen berre er den første i ei lang rekke av sure sunnmøringar som dominerer nynorsken.

1868: Det Norske Samlaget blir grunnlagt og kampen er i gang for å gi det norske folket vitsebøker på dialekt.

##1877:¤¤ Avisa ”Fedraheimen” med Arne Garborg som redaktør kjem ut for første gong. Dette markerer starten på ein lang kamp for nynorsk i avisene, ein kamp som framleis ikkje er over. No står slaget om tabloidavisene, og om alle menneskes sjølvsagte rett til å få lov til å lese at David Toska et sjokolade på nynorsk.

1885: Landsmålet blir offisielt jamstilt med dansk. Og vi veit alle korleis det har gått med dansken etter det.

1899: Den første universitetsforelesinga på nynorsk. Med det startar nynorske akademikarars kamp for å vise at nynorsk på ein god dag kan vere minst like høgtravande som bokmål.

1906: Noregs Mållag blir skipa. Alle som trur landet heiter Norge skjelv.

1912: Det Norske Teatret blir oppretta, og endelig kan det norske folket oppleve dramatikkens klassikarar tolka av austlendingar som nesten klarer å seie ”ikkje”.

1929: Landsmålet får offisielt namnet nynorsk etter stortingsvedtak. Trikset med å ta noko som verkar gammalmodig og traust og gi det eit namn som høyrest nytt og sprekt ut, har vore ein dundrande suksess alle gonger det har vore prøvd. Her skulle det vere nok å nemne Moderniseringsdepartementet.

1955: Kringkastingsringen blir stifta. Alle bokmålsbrukarar i NRK skjelv.

1985: Det Norske Teatret flyttar inn i nytt hus. Ein ny viktig siger for nynorsken. No kan ein høyre dramatikkens klassikarar tolka av austlendingar som nesten klarer å seie ”ikkje” i eit moderne hus. Med det nye huset håper ein også å trekke eit nytt publikum til teatret. Utfrå ein tanke om at dersom det er slik at oslofolk ikkje liker nynorsk, så blir dei sikkert overtydde viss dei berre får lov til å betale ein heil del for å høyre nynorsk framført av folk som ikkje kan det.

2003: Odd Nordstoga toppar VG-lista. Dette er første gong ein artist toppar VG-lista med norske tekstar som mange nordmenn ikkje skjønnar bæret av. Meir vanlig er det at norske artistar toppar VG-lista med engelske tekstar som mange nordmenn ikkje skjønnar bæret av.

Dette er kjende merkeår for alle oss i den nynorske familien, sjølvsagt. Men nynorsken har vunne mange fleire slag, små slag, mellomstore slag, ukjende for dei fleste:

1963: Ein nyinnflytta bankfunksjonær i Sykkylven forstår kva dei innfødte snakkar om. Dette har aldri skjedd før i bygdas historie, og hendinga blir den dag i dag markert årlig av Indre Sunnmøre Bankkundemållag.

1967: Ein kjend riksmålsbrukar glepp og nyttar ei a-ending i halvfylla etter eit julebord i Oslo sentrum. Dette viser at også hovudstadens uteliv er i ferd med å bli overtatt av nynorsken.

1973: Ein nyheitsopplesar i NRK nyttar meir enn 50% a-endingar i dei tilfella der han har eit val. Dette er rekna som eit vendepunkt i nynorskens mediehistorie, og hendinga blir markert med ein årlig nyheitsopplesarfestival arrangert av Nyheitsopplesarmållaget.

1997: Ein ung mann bestiller kaffelatte på sognemål utan at det er noko rart eller unaturlig ved det. Dette viser at nynorsken er i ferd med å overta den urbane kafekulturen, og ideen om eit urbanmållag er no under utgreiing.

Urbanmållag.
Nyheitsopplesarmållaget. Indre sunnmøre bankkundemållag.
Dette er berre nokre få av dei svært mange laga som finst i den store nynorske familien. Her er nokre til:

Nynorsk klammelag.
Som arbeider for betre bruk av nynorske klammeformer i dagligtalen. Klammelaget arrangerer kulturkveldar med kunstnarar som nyttar klammeformer i arbeidet sitt. Neste år håper dei å få Odd Nordstoga. Laget deler også ut klammeprisen til ein nynorskbrukar som har markert seg med spesielt konsekvent bruk av klammeformer i året som har gått.

Kløvyaklubben.
Som arbeider for å fremje meir entusiasme for kløyvd infinitiv på norske arbeidsplassar. Klubben tilbyr foredrag for næringslivet og deler årlig ut ein kløyvd pris til ei bedrift som har markert seg med spesielt godt arbeid for kløyvd infinitiv på arbeidsplassen. Laget blei skipa av Hans Ole Stegabråten, kjend som ein spesielt dugande infinitivskløyvar i si tid, og kvart år blir fødselsdagen til Stegabråten markert med ein nynorsk infinitivsfestival. Neste år håper dei å få Odd Nordstoga.

Oioioioioioioi-laget.
Som arbeider for meir bruk av o- og i-endingar i nynorsk. Oioioioioioioi-laget er elles skeptisk til bruk av klammeformer og har i allmøte markert avstand frå linja til Klammelaget. Under fleire landsmøte i Mållaget, der både Klammelaget og Oioioioioioioi-laget under sterk tvil er med, har den såkalla klammestriden ført til knallharde ordskifte som utanforståande har hatt store problem med å forstå. Oioioioioioioi-laget arbeider no med å få til ein eigen Oioioioioioioifestival, og målet er at hovudattraksjonen den første gongen festivalen blir arrangert skal vere Odd Nordstogi.

Berre innom-laget.
Som arbeider for interessene til bygdeungdom som bur i Oslo men gjerne vil vise at dei eigentlig ikkje liker seg noko særlig der. Dei arrangerer heimattåthomor-festivalen to gonger i året, då dei set seg inn i bilen til skrivaren i laget og køyrer heimatt åt ho mor medan dei høyrer Odd Nordstoga på bilstereoen.

Nynorsk skrivarlag.
Som arbeider for at alle lag, organisasjonar og bedrifter skal ta i bruk den gode nynorske tittelen skrivar. På litt sikt vil dei også at fleire bedrifter skal kalle firmafestane sine for ”kveldssete”. Laget deler ut skrivarprisen under den årlige skrivarfestivalen med Odd Nordstoga.

Julebordmannalaget.
Som arbeider for meir aktiv bruk av a-endingar i halvfylla under julebord i Oslo sentrum. Laget blei skipa etter at ein kjend riksmålsbrukar i 1967 glapp og nytta ei a-ending i halvfylla etter eit julebord i Oslo sentrum, og laget markerer denne hendinga på ein bestemt dato kvart år då alle medlemmene går på byen og bestiller på nynorsk. Dei seinare åra har laget møtt fleire kelnarar som har prøvd å svare dei på nynorsk og dette har gjort at laget har sett lyst på framtida. Det har seinare vist seg at dei fleste av desse kelnarane har vore svenskar. Fleire av svenskane har etter feil blitt tildelt Julebordmannalagets pris for godt kelnarspråk. Prisen blir delt ut under desserten. Ofte fleire gonger.

Edruskapsmållaget.
Blei skipa som ein reaksjon mot Julebordmannalaget og arbeider for fråhald på alle plan, både når det gjeld rusmiddel, klammeformer og modernisering av nynorsken. Edruskapsmållaget deler årlig ut edruskapsmållagsprisen til ein nynorskbrukar som har vore påfallande edru i året som har gått.

Dette er berre nokre få av dei mange laga og foreiningane som utgjer det nynorske. Alle desse laga er stifta på ulike datoar, i ulike år, og dei har alle sine eigne merkedagar. Mange av dei har også eigne festspel.

Den overordna planen med dette er at det kvart einaste år skal vere minst eitt stort nynorskjubileum å feire. Helst fleire. Slik at bokmålsbrukarane skal forstå at dei er i mindretal. I gode år kan det vere sju-åtte nynorskjubileum. Dei fleste år er det ingen bokmålsjubileum. Bokmålsfolket vil etter kvart forstå at det er nyttelaust. Dei har ingenting. Nynorsken har overtatt alt. Ikkje berre merkedagane og jubilea. Dei har alltid høyrt nynorsken til. Men også utelivet. Kaffelatten. Media. VG-lista.

Dagen nærmar seg. Dagen då bokmålsfolket må innsjå at dei har tapt. Dagen då vi har vunne, dagen då vi veit at no lever vi endelig i eit fritt land der alle kan lese på sitt eige mål at David Toska et sjokolade i retten.

Are Kalvø - 02.10.2005