Mai Schmai

Eit oppgjer med ein oppskrytt månad.

Mai er artige greier. I dag er det måndag. I går var det søndag. I går det dessutan frigjeringsdagen, så eigentlig var det dobbel søndag i går. Det må bety at det er dobbel måndag i dag. Og det er det kanskje, fordi det har vore veldig mykje helg no i det siste, og då blir det kanskje ekstra måndag etterpå. På torsdag var det for eksempel søndag, fordi det var kristi himmelfartsdag. Sidan det var søndag på torsdag, så burde jo onsdag vere laurdag, sidan onsdag var dagen før torsdag som var søndag. Men onsdag var jo ikkje laurdag. For onsdag var ikkje fridag, men onsdag var den siste arbeidsdagen før helga, sidan torsdag var søndag, derfor var onsdag litt som ein fredag, og derfor trudde vi lenge at det var laurdag på torsdag, sidan det var fredag på onsdag, men så oppdaga vi at butikkane var stengt og at det sjølvsagt ikkje var laurdag på torsdag, men søndag. Altså var det måndag på fredag, samtidig som det var skikkelig fredag sidan det var både laurdag og dobbelsøndag i helga. Om ei vekes tid bir det endå artigare, for då er det 17. mai, som er ein slags kombinasjon av laurdag og søndag, på tirsdag. Og dagen før, på måndag, er det andre pinsedag, altså søndag. Andre pinsedag er faktisk noko av det mest søndag som finst, alt er stengt og trist, men i år er andre pinsedag også litt laurdag, sidan det er 17. mai dagen etter. Og sidan 17. mai er både litt laurdag og litt søndag på ein tirsdag, så må måndagen før, som altså eigentlig er ein søndag, også vere både fredag og laurdag, og det er ikkje så verst til å vere ein søndag. På ein måndag.

Og som om ikkje det var nok, så er det noko anna som er artig med mai, og som har samanheng med alle søndagane som plutselig dukkar opp på dei merkeligaste vekedagar, og det er tulleavisene. På dagar som Kristi himmelfartsdag så kjem det ikkje ut vanlige aviser. I staden gir nokre av dei største avisene ut ei slags reserveutgåver. Utan nyheiter, men med oppslag om oppussing, seksualliv, mobbing på arbeidsplassen og tv. Akkurat som vanlig altså, berre at avisene ikkje er trykte dagen før. For at det skal verke som om det er nyheiter i desse erstatningsavisene, får dei gjerne laga ei eller anna stor undersøking eller ei kåring. Norges rikaste. Norges mektigaste. Kven vil nordmenn helst ha sex med? Kven vil nordmenn helst sleppe å ha sex med. Viss vi no måtte ha sex med vedkommande likevel, kvar ville vi helst at det skulle skje? Det som er litt fint med alle desse undersøkingane, er at dei gjer det endå lettare enn elles å sjå kor enkelt det kan vere å lage ei nyheit. Vil du ha ei nyheit om kjente menneske og sex, og det vil ein jo gjerne av og til, så er det berre å spørje eit utval nordmenn kva kjendis dei helst vil ligge med. Vil du ha ei nyheit om at statsministeren ikkje er populær, og det vil ein jo gjerne rett som det er, så er det berre å lage ei undersøking med spørsmål som du veit omtrent kva folk kjem til å svare på. På kristi himmelfartsdag, altså søndag på torsdag, hadde ei av avisene som si hovudliksomnyheit at Kjell Magne Bondevik blir slakta av veljarane. Bakgrunnen var ei undersøking der folk hadde blitt stilt spørsmål av typen: ”Kven synest du taklar press best, han som har vore statsminister i eit par periodar sjølv om ingen stemmer på han og har vore gjennom litt av kvart i det siste, eller ein av dei andre politikarane som vi aldri har sett under press?” Det viste seg at ta ta ta taaa, Bondevik gjorde det dårligast, at dei to partileiarane som har vore borti regjering i si tid, Jens Stoltenberg og Erna Solberg, gjorde det betre, og at dei to partileiarane som aldri har gjort anna enn å stå ved sida av å slenge drit på dei som regjerer, Kristin Halvorsen og Carl I. Hagen, gjorde det best.

Men 27-28% av dei som svarte syntest faktisk Bondevik er ein sterk leiar som er god til å takle press. Det er eit elendig resultat samanlikna med dei som aldri har prøvd å leie anna enn ei sekt, Halvorsen og Hagen, som fekk 1000% eller noko sånt i undersøkinga, men ærlig talt: 27-28%. Det er jo ikkje dårlig. Det er for eksempel langt fleire enn det er som stemmer på Kristelig Folkeparti. Tre gonger så mange, faktisk. Faktisk hadde det vore fullt mulig å lese desse tala som ein hyllest til Bondevik, om ein ville det, om det no var det ein hadde bestemt seg for. Men det var altså ikkje det. Dei hadde funne fram det store bildet der Bondevik ser skikkelig sliten ut. Dessutan må dei jo ha ei nyheit kristi himmelfartsdag neste år også, når Jens Stoltenberg er statsminister og han har begynt å sjå litt sliten ut.

Are Kalvø - 08.05.2005