Politikkens brennmanet

Om å bli kåt av statssekretærar. Mellom anna.

Det er ein ting som gleder meg spesielt med landsmøtesesongen.

Eg veit at det er ein heilt vanvittig ting å seie. Eg veit at orda ”glede” og ”landsmøtesesongen” ikkje høyrer heime i same setning. Eg veit at eg ved å bruke orda ”glede” og ”landsmøtesesongen” i same setning framstår som ei blanding av nerdete og pervers, som eitt av desse djupt suspekte og ofte sterkt sosialt hemma individa som synest det er spennande med sakslister og ikkje kan få nok av dagsorden, kort sagt: Ein av desse stakkarslige som fekk livet øydelagt i så altfor ung alder av for mykje elevrådsarbeid.

Eg veit alt dette.

Eg veit at eg like gjerne kunne opna dette kåseriet med å seie:

Eg blir alltid så glad når eg høyrer statssekretærar debattere.

Eller kanskje til og med:

Eg blir alltid så kåt når eg høyrer statssekretærar debattere.

Eg er klar over alt dette. Det er ei sjuk opningssetning. Ei setning som ikkje set meg i eit særlig godt lys. Eg kunne like gjerne sagt:

Det er ein ting som gleder meg spesielt med å stå opp og sjå på plakaten av Magnhild Meltveit Kleppa som eg har hengande på veggen.

Eg veit det.

Men høyr meg ut likevel. For det er ein ting som gleder meg med landsmøtesesongen. På ein litt barnslig måte. Og det er tanken på planlegginga.

Det høyrest kanskje ikkje betre ut, men det begynner å bli litt artig når du tenker på at alt som blir sagt på slike landsmøtet, er planlagt. Ikkje berre litt planlagt, skikkelig planlagt. Dei har tenkt og jobba og vurdert og tenkt meir, og komme fram til at ja! Akkurat det skal vi seie. Då Dagfinn Høybråten sa ”barna barna barna”, for eksempel, så var det gjennomtenkt. Då hadde viktige folk i partiet komme fram til at det var akkurat det hans skulle seie. Ikkje ”Barna barna” og ikkje ”barna barna barna barna”, for det blei kanskje litt mykje? Og skal det vere punktum mellom orda? Barna. Barna. Barna. Eller komma. Barna, barna, barna. Spørsmålsteikn, kanskje. Barna? Eller rett og slett: Barnabarnabarnabarnabarna, for å vere heilt sikre på at folk får det med seg.

Alt er planlagt. Slagord er skikkelig planlagt. Tenk på det, kvar gong nokon seier noko dumt i ein tale, noko rart, noko forbløffande, tenk for eksempel på det mest klassiske av alle latterliggjorte slagord: Det er typisk norsk å vere god. Det var ikkje noko Gro Harlem Brundtland berre kom på. Ho var ikkje på fest og tok litt av. Det var sikkert mange folk innblanda i planlegginga. Og dei forkasta sikkert ein masse forslag som var endå dårligare først.

I helga kom eg i skade for å høyre eit utdrag frå Erna Solbergs landsmøtetale, der ho samanlikna Høgrefolk med kråkebollar, fordi begge visstnok er harde på utsida og mjuke inni.

Det var heller ikkje berre noko ho kom på. Dei var sikkert innom mange andre variantar før nokon kom med kråkebollen og alle i idegruppa sa: Yess! kråkebolle. Og det er der det begynner å bli artig. Ved tanken på alle dei forkasta forslaga.

Høgrefolk er som grapefrukt: Runde, sure og vanskelige å skjere i.
Høgrefolk er som fisk. Sleipe, men ikkje så verst likevel viss du for eksempel steiker dei over open flamme.
Høgrefolk er som brennmaneten: Stygg og farlig.
Høgrefolk er som eit pappkrus med kaffi. Der ut som papp på utsida, men inni er det varmt.

Sånt synest eg det er litt artig å tenke på då.

Det var berre det.

No skal eg gå for å sjå på alle bilda mine av nesten kjente statssekretærar.

Are Kalvø - 10.05.2005