Kvalitetsfyll

Alt eg har lært om rus.

Ungdommen drikk meir enn før, viser det seg. Og ein ny offentlig kampanje er i gang for å informere ungdom og foreldre. Som om vi treng meir informasjon. Ein kan seie kva ein vil om rus, men det har aldri mangla på informasjon om det.

I livet mitt har det alltid vore nok av dei som vil fortelje meg om rus. Kva, kvifor, korleis, kvifor ikkje og kor gale det kan gå. Nokon advarte. Nokon hylla. Nokon fortalde vanvittig spennande historier. Nokon skremte.

Men det var aldri tvil om at det var viktig. Det har aldri stått på mengden av informasjon. Ikkje mengden.

På skulen lærte vi mykje om rus. På skulen såg vi filmar om ungdom i drift, sinte ungdommar frå Austlandet med grå dongerijakker og grå ansikt i grå austlandske bygater. Dei hang ofte utanfor ein kiosk og dei hamna i trøbbel. Det begynte gjerne med alkohol og sigarettar. Det var ille nok. Men det blei alltid verre. Dei banna på austlandsk og gjekk langsamt til grunne på austlandsk.

Eg trur vi kan slå fast at desse filmane berre delvis nådde fram til oss. Fleire i klassa begynte både med røyking og drikking. Men ein god del bestemte seg i det minste for å aldri flytte til Austlandet.

Enkelte av oss forstod ikkje eingong såpass.

Ein må kunne seie at desse videofilmane er eksempel i ein serie av rusinformasjon som ikkje har verka heilt etter hensikta på meg.

Det same kan ein seie om antirus-popmusikken som var stor i ein kort periode i min oppvekkst. Sinte popartistar song ”hasj e bæsj fysj og æsj”.
Det har lenge vore ei utbreidd misforståing at viss ein skal seie noko viktig til ungdommen, så må det gjerast med gitar i bakgrunnen. Eller så må ein bruke tidas humor. Det går den same vegen med mykje som ein gong har vore tøft og nytt og kontroversielt. Litt seinare blir det folkekjært. Endå litt seinare er det uinteressant. Og endå litt seinare enn det igjen blir det tatt i bruk i offentlige kampanjar.

Det einaste vi fekk ut av alle kampanjane vi var utsette for, var det einaste kampanjane fekk støtte for overalt i lokalmiljøet, nemlig at vi måtte passe oss for byen, og spesielt Oslo. I Oslo fekk du visstnok narkotika i neven i det du gjekk av toget. Desse vrangforestillingane handla sjølvsagt ikkje berre om antiurbanisme eller engstelse for kva som ville skje oss i møte med storbyens fristelsar. Dei handla like mykje om ein annan type vanlig rusinformasjon: Nemlig romantiseringa av bygdefylla. Ekte bygdeentusiastar kan til nød strekke seg til å innrømme at ein kanskje gjer mange av dei same tinga på bygdene og i byane, men på bygdene gjer ein dei på ein mykje meir naturlig måte. Det er kanskje vold, rusmisbruk og tragediar på bygdene også, men det er i alle fall tradisjonell norsk vold, tradisjonelt norsk rusmisbruk og tradisjonelle norske tragediar. Dersom ein ser nokon som ligg i ei grøft, så veit ein i det minste at vedkommande er full, ikkje narkoman. Dessutan veit ein kva han heiter og kvar han bur og kan bere han heim.

Den første gongen det blei kjend at det fanst hasj i heimbygda mi, stod det ein bekymra leiarartikkel i lokalavisa. Artikkelen slutta med setninga. ”Hasj? Nei, takke meg til ei god gammaldags fylle.”

Det har aldri mangla på informasjon om rus. Av alle slag. Det har aldri stått på det. Det har aldri vore tvil om at dette er viktig.

I mitt vaksne liv har eg vore med på to folkeavstemmingar. To gonger har eg vore med å avgjere saker som er så viktige at dei må løftast over dei vanlige demokratiske prosessane. Den eine gongen handla det om norske medlemsskap i EU. Den andre gongen handla det om ølsal i butikkane i heimkommunen min.

Og alle vi som har lese ein oppvekstroman eller tre får heilt klart inntrykk av at det unge menn skal bruke ungdommen sin til, når dei er ferdige med å måle lengden på penisane sine, det er å teste ut ulike måtar å bli bevisstlaus på, slik at dei ikke får brukt penisane sine til noko fornuftig når dei endelig har blitt lange nok.

Så informasjon har det aldri mangla på. Det har aldri vore tvil om at dette er viktig. Bortsett frå det er eg ikkje så sikker på kva denne informasjonen har lært meg.

Are Kalvø - 03.11.2005