Den grøne fare

Heia Tufte har gitt meg panikk.

Det mest deprimerande med tv-suksessen ”Heia Tufte” er alt det som kjem til å skje etterpå. Om du skulle vere ein av dei som konsekvent berre høyrer på P2, og nektar å ta imot informasjon frå andre stader, og derfor ikkje veit kva ”heia Tufte” er, så kan eg fortelje deg at ”Heia Tufte” er ein svært sjarmerande og svært populær TV-serie om ein gjeng nerdar som ikkje veit kven Henning Berg er, som skal lære seg å spele fotball i løpet av nokre månader og som skal avslutte perioden med å møte seriemester Vålerenga. Tufte-spelarane har dårlig hår, tjukke briller, uttrykker seg i pinlig grad i fullstendige setningar, er interesserte i rollespel og data og har jamt over ein heil del å gå på når det gjeld motorikk. Ein rar ide, men ein rar ide som har vist seg å slå an.

Og det mest deprimerande med rare idear som viser seg å slå an, er at alle andre som lever av å få gode idear kjem til å prøve å få omtrent den same ideen.

Det er alltid slik.

Det var slik det gjekk den gongen det viste seg at det var ein god ide å plassere ukjente folk på ei øde øy og sende heim att ein og ein. Etter det var det mange som prøvde å få omtrent den same ideen. Og vi fekk program som plasserte ukjente folk i låste hus, program som plasserte gifte folk på øde øyar saman med folk dei ikkje var gifte med. Vi fekk program der dvergar reiste på date med transvestittar til låste hus på øde øyar og så vidare. Ideane blei litt meir desperate for kvar gong.

Og no kjem vi til å bli oversvømt av nerdar. Dei kjem til å vere overalt. Det kjem til å bli umulig å skru på ein tv eller opne ei avis utan å treffe på nokon som har ei alfabetisert samling med filmmusikk som einaste pynt i stua.

Det kjem til å bli nerdar i alle kanalar. Pene damer som deitar nerdar er allereie eit amerikansk tv-konsept. Vi har ikkje ein gong sett starten. Vi kjem til å få sjå nerdar som spelar handball, nerdar som klatrar i fjell, nerdar på skytebanen, nerdar som lagar mat, nerdar som pussar opp hus, nerdekampar om kven som veit mest om ting som ingen andre interesserer seg for, nerdevermelding, nerdepremierer, nerdar som ikkje klarer å oppdra ungane sine og må ha hjelp av nerdenannyen.

Og så vidare.

Og når det ikkje går an å finne meir å bruke nerdane til, då kjem nokon til å finne ut at grunnen til at nerdane som spelte fotball slo an, var at folk liker å sjå folk gjere ting dei ikkje kan på tv. Og så kjem programma der vanlige folk får pussa opp husa sine av folk som ikkje veit kva ein hammer er. Vi får danseprogram med folk med tre bein. Vi får sjå avholdsfolk drikke alkohol. Vi får sjå Ivar Dyrhaug som programleiar i Beat for Beat.

Og før, lenge før, vi har gått tom for nerdeidear, som kjem vi til å ha gløymt kor sjarmerande vi syntest Heia Tufte var.

Pass opp. Nerdane kjem.

Are Kalvø - 01.12.2005