Siste sort

Tungt sjølvopptatt kåseri om radiofolk, halde for radiofolk, under radiodagane i 2003.

Folk som arbeider med radio er menneskeslekta på sitt aller mest nedrige.

Av alle typar menneske, er kanskje radiomedarbeidarar dei som står aller lågast. Under kriminelle, under prostituerte, under tiggarar, under advokatar, under Michael Jackson, under VG-journalistar. Eller, akkurat det var kanskje å overdrive.

Eg kunne brukt mykje tid på å finne opp flotte og høgverdige grunnar til å jobbe i radio, men det er like greitt å innrømme med ein gong at ein av grunnane til at radioen tiltalar oss, er at vi slepp å bry oss om korleis vi ser ut.

Vi kan rett og slett gi blaffen. Vi kan komme ubarberte på jobb med to ulike strømper og håret til alle kantar og sette oss bak mikrofonane og gi inntrykk av at vi har full kontroll, ikkje berre på oss sjølve og på liva våre, men på heile verdensssituasjonen. Lyttarane skulle berre visst korleis vi ser ut, der dei sitt med kaffikoppane sine og trur at alt er i orden. Dei skulle berre visst kor mange regelrette takras som sitt der og informerer om situasjonen i Sør-Sudan eller på Stortinget med baconrestar mellom framtennene og utvaska t-skjorter frå Norway Cup i 1984. Vi gir blaffen. Og etter sending går vi i kantina og et litt usunn mat og snakkar nedsettande om jålekoppane som jobbar med TV, som går der med dei fjollete jakkene sine og pudder i trynet og trur dei er noko fordi dei har fått seg ein jobb der dei kan vise seg fram i fem prosent av arbeidstida, og vente resten.

Sjølvsagt er ikkje radioen tiltalande berre fordi vi slepp å kle oss skikkelig. Radioen er også tiltalande fordi vi kan lyge heile tida. Ein ting er at lyttarane ikkje ser oss. Dei ser ikkje det vi snakkar om heller. Derfor kan vi seie akkurat det vi vil. Vi kan påstå at vi sitt på ein lekker restaurant eller på ei øde øy, medan vi eigentlig sitt i eit trangt og fullt studio der enkelte av kaffikoppane på bordet kan sporast heilt tilbake til Bjartmar Gjerdes tid. Vi kan seie kva vi vil. ”Spanjolane ser slitne ut,” kan vi seie. Viss vi jobba i tv kunne vi ikkje sagt det, får då ville alle sett at spanjolane framleis såg ut som fotomodellar i shampoo-reklamar, mens nordmenne var dei som snubla i tungene sine. Vi kan påstå at det regnar når det er sol, at det er sol når det regnar, at vi snakkar med Sissel Kyrkjebø utan å fortelje at ho faktisk sitt i eit studio i ein heilt annan by. Vi kan leike oss med lydar og få folk til å tru at store bygningar rasar saman, alt utan å måtte forhalde oss til virkeligheita. Noko som også betyr at folk som arbeider i radio, i tillegg til alt det andre, ofte er forferdelig barnslige folk som synest det er artig med rare lydar.

Folk som arbeider med radio er menneskeslekta på sitt aller mest nedrige. Vi øydelegg ting. Vi er barnslige. Vi lyg for folk. Lurer folk. Og vi ser ikkje ut i måneskin.

Men.

Vi har også klart å skaffe oss ein jobb der vi faktisk får betalt for å vere barnslige, lure folk, øydelegge ting, lyge, tulle og gi blaffen i korleis vi ser ut.

Så vi må jo også vere utrulig smarte.

Are Kalvø - 03.09.2003