Det vi vil sleppe i 2006

Året er nesten over, og alle fornuftige menneske bruker desse dagane til å summere opp jubileumsåret vi har bak oss. Dei om det.

La oss heller konsentrere oss om det vi helst vil sleppe i 2006.

Eg er i grunnen fornøgd med det meste, med eitt unntak:

Kan vi i 2006 versåsnill å få sleppe folk som skryt av at dei er seg sjølve?

Eg meiner, ærlig talt.

Eg meiner, kom igjen.

No er eg så utrulig lei av folk som seier at dei er seg sjølve. Eg såg det seinast no nettopp då eg kom i skade for å sjå ei eller anna kåring av årets eit eller anna i ei eller anna avis der ein eller anna, sannsynligvis frå Tufte IL, sa at han trudde at dei var så populære fordi dei var seg sjølve.

Ouæh.

Eg meiner, kom igjen!??!?!!!!

For det første:

Det å vere seg sjølv, er ingenting å skryte av. Eg er meg sjølv. Ja, kven skulle du elles vere? Lasse Kjus? Det å vere seg sjølv er ufattelig lite imponerande. Det er verkelig eit menneskelig minstekrav. Kven som helst kan vere det. Det er omtrent det einaste du kan vere heilt sikker på at absolutt alle faktisk klarer. Å skryte av at du er deg sjølv er omtrent som å seie ”Eg trur eg er såpass populær som eg er fordi eg eksisterer.”

Alle gjer det!!!

For det andre: Folk bruker dette som ei unnskyldning for alt mulig. Deltakarar i reality-show skal nesten utan unntak vere seg sjølve. Min strategi er å vere meg sjølv 120%, seier dei, og så gjer dei alt dei kan for å vere klysete eller fulle eller nakne eller tvers gjennom umulige å ha med å gjere i heile serien. Og det er eg sjølvsagt heilt for, for all del, dette skal trass alt vere underhaldande, og fulle nakne klyser er morsommare enn edru påkledde folk som er ganske greie. Slik er det berre. Men ver så snill, alle reality-deltakarar: Ikkje påstå etterpå at du berre var deg sjølv. "Det var ingen som likte meg der inne i huset, men eg var i alle fall meg sjølv".

Å, hald kjeft.

Det skulle pinadø ikkje forundre meg om argumentet snart blir brukt i retten også. "Jadå, eg rana ti-tolv bankar og slo ned nokre gamle damer, men det er no ein gong slik eg er. Som eg sa til ho dama rett etter at eg skalla ho ned: Eg er i alle fall meg sjølv 120%."

Altså: Folk er forskjellige: Nokon er voldsmenn, nokon er likningsfunksjonærar, nokon køyrer i fylla, nokon jobbar på bibliotek, nokon speler innebandy, nokon er krigsforbrytarar, nokon distribuerer porno, nokon er gode i sjakk, nokon skyt andre folk i hjerteregionen med skarpladde våpen. Altså: Det å vere seg sjølv er i seg sjølv ikkje verken spesielt imponerande eller nødvendigvis spesielt positivt. Men slik blir det oppfatta. Det å vere seg sjølv er ein fin ting. Uansett. Det er derfor – og dette er kanskje det mest deprimerande av alt – at til og med ungdommar har lært seg at det er seg sjølv ein skal vere, eller i alle fall seie at ein er. Når ei eller anna ny idrettsstjerne dukkar opp og er sytten år og naiv og plutselig slår stort gjennom så kan du banne på at vedkommande gir eit intervju der han seier at han trur det er viktig å halde beina på bakken og vere seg sjølv og blæ blæ blæ blæ blæ.

Undersforstått: Eg skal i alle fall ikkje bli sånn som Morten Gamst Pedersen og John Arne Riise som har ting i håret og dyre bilar og drikk champagne berre fordi dei har vunne finalen i ei av verdas viktigaste fotballturneringar og alle deira villaste draumar har gått i oppfyllelse.

Underforstått: Eg skal bli rik og berømt, men eg skal i alle fall ikkje få noko ut av det. Eg skal vere akkurat som eg er no, og du kan vere brennsikker på at uansett kor rik og berømt eg blir så kjem eg aldri i mitt liv til å gjere noko interessant eller seie noko meir interessant enn at eg skal vere meg sjølv og blæ blæ blæ blæ blæ blæ.

No er det nok!!!!!

Gud, det var godt å få sagt det.

Jaja, og god jul, for all del.

Are Kalvø - 20.12.2005