Politisk Korrææææææææææækt

Skikkelig lei no. Skikkelig lei. Skikkelig skikkelig lei.

No skal eg seie noko skikkelig politisk ukorrekt. Følg med no: Det er forskjell på kvinner og menn.

Okei, ein til: Det finst utlendingar som ikkje er spesielt hyggelige. Håhåhåh. Å gud, no var eg dristig og ukorrekt.

Er ikkje du lei av folk som seier sånt? Eg er lei av folk som seier sånt. Skikkelig lei.

Viss du er ein av dei som bruker uttrykka politisk korrekt og politisk ukorrekt, så har eg berre ein ting å seie: Slutt med det. Berre slutt. Desse uttrykka har vore meiningslause i mange år no. Ein gong var dei ei god skildring av noko, så god at mange begynte å seie det, og så gjekk det som det alltid går med uttrykk som mange begynner å bruke, dei begynner å handle om alt mulig. Folk begynner å kalle alt dei ikkje liker sjølve for politisk korrekt, noko som sjølvsagt betyr at det å vere politisk ukorrekt er noko som alle vil vere og derfor ganske politisk korrekt, og det mest politisk ukorrekte du kan gjere er å vere politisk korrekt og uttrykka har for lengst mista alt innhald.

Men sluttar folk å bruke uttrykka av den grunn? Langt ifrå.

Men no er det nok. Det har vore nok lenge faktisk. Eg veit kor lenge. Eg har nemlig gjort litt research. For ein gongs skuld har eg førebudd meg til eit kåseri. Eg anar ikkje når nokon først brukte uttrykket politisk korrekt, det er heller ikkje interessant. Men eg veit at i 1994 var boka ”Politically correct bedtime stories” ein bestseljar i England. For at den skulle kunne bli ein bestseljar, må uttrykket ha vore på høgden då forfattaren begynte å skrive boka. Og det tek si tid å skrive ei bok. Eller det gjer det sjølvsagt ikkje, men det er ganske mykje styr med korrekturlesing og trykking og slikt, og det tek tid, så vi kan trygt gå utfrå at uttrykket politisk korrekt i alle fall må ha vore godt etablert i kvardagsspråket i 1992.

1992! Det er fjorten år sidan.

I 1992 låg Bonnie Tyler på VG-lista med ”Bitter Blue”. Hugsar du den? Forferdelige greier. Denne songen var nummer to i Norge i 1992. Go go gorilla var nummer 1.

Kriss Kross låg på VG-lista i 1992. Hugsar du Kriss Kross? Kriss Kross var eit guteband som kanskje ikkje bidrog med så veldig mykje nytt, reint musikalsk, men dei gjorde i alle fall ein ting som var heilt ny: Dei hadde buksene bak fram. Og sidan dei var ganske populære så var det sjølvsagt nokon som kopierte dei. Så i ein kort periode i 1992 var det faktisk folk som gjekk rundt med buksene bak fram.

MEN DEI GJER JO IKKJE DET NO?!!! FJORTEN ÅR ETTERPÅ.

På eit eller anna punkt innser ein at dette er poenglaust og så sluttar ein med det.

1992 er fryktelig lenge sidan. Då 1992 begynte fanst ikkje EU. Det heitte EF. Danmark vann fotball-EM. Forstår du? Danmark! EU heitte EF og Danmark vann EM med buksene bak fram og song bitter blue bitter blue, for det var slikt ein dreiv med i 92. Men ikkje no lenger. For dette er fjorten år sidan. Og vi legg ting bak oss. Vi går vidare.

Men sluttar å seie politisk korrekt? Å nei då.

Veit du kva som var beste nasjon under sommer-OL i 92? SUS. Hugsar du SUS? Eg har forlengst gløymt kva det stod for, men SUS var ei samlenemning for alle dei tidligare sovjetrepublikkane. For i 1992 var det så kort tid sidan Sovjetunionen hadde gått i oppløysing at vi ikkje eingong visste kva vi skulle kalle alle desse nye landa. Så vi kalla dei SUS. Forstår du? Når du snakkar om å vere politisk korrekt er du like oppdatert som nokon som går rundt med buksene bak fram og nynnar på Bonnie Tyler og snakkar om Sovjetunionen!!

I 1992 tok Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie masse gullmedaljer i Albertville. Sidan den tid har dei slutta med toppidrett. Dei har slutta å reise på tur med Arne Hjeltnes. Og kanskje – vi kan alltids håpe – har til og med Vegard Ulvang slutta å delta i tv-reklamer der folk er utkledde som sauar. Alt dette har dei klart å slutte med sidan 1992. Men har vi klart å slutte å seie politisk korrekt?

Å nei då.

I 1992 var Johny Cash i Norge. No er han død.

Are Kalvø - 06.04.2006