Fine ting å gjere saman med ca 100 000 andre

Kva er det finaste du har gjort saman med cirka 100 000 andre?

For hundre år sidan gjekk Roald Amundsen til Sørpolen. Han om det.

Sjølv har eg aldri vore ein stor friluftsmann. Når folk har gjort seg umaken med å finne opp ting som veggar, tak og hotellbarar, så verkar det litt utakknemlig å bu i telt. Kaldt er det også.

Amundsen og Nansen skal hyllast. For all del. Store sterke menn som utførte imponerande bragder og tok seg fram til stader der ingen hadde vore før.

Men nye tider har nye heltar.

Og eg meiner at tida snart er inne for å hylle dei som nettopp ikkje tar seg fram til stader der ingen har vore før. Tida er inne for å hylle dei som tvert imot tar seg fram til stader der det er veldig mange andre.

Vi har hylla dei som gjekk til stader langt frå folk. No er tida inne for å hylle dei som forstår at noko av det finaste, beste og luraste folk kan gjere, er å vere saman med veldig mange andre folk.

Folk er ikkje så ille som folk vi ha det til. Og når veldig mange folk er saman, kan det skje flotte ting. Og rare ting og komiske ting. Nokre av mine finaste stunder har eg hatt saman med veldig mange andre.

For eksempel på ein stadionkonsert når alle hoppar opp og ned samtidig og syng omtrentlig med til den same teksten, og folk gliser og ser på kvarandre med blikk som seier: «Eg veit eg ser ut som ein tulling no, men det får ikkje hjelpe. No vil eg hoppe og synge!»

Det er fint. Slikt opplever ein ikkje åleine.

Eller når folk strøymer ut i gatene for å feire ein siger i ein fotballkamp. Eg har nylig skrive ein opera om ein slik kveld: 23. juni 1998, dagen då Norge slo Brasil i fotball-VM og landet gjekk bananas. Folk som ikkje kjende kvarandre klemte kvarandre, dansa med kvarandre og bada saman i fontener. Slike kveldar kan du oppleve å vere på veg til butikken og bli omfamna av ein diger mann iført kongekappe og vikinghjelm og lite anna. Han er språklaus av glede og byr opp til dans.

Slikt er fint. Veldig fint.

For ikkje lenge sidan var eg på Gardermoen saman med veldig mange andre, midt i verste rushtida. Lang kø i sikkerheitskontrollen. Stressa stemning.
Så kom det over høgtalarane: «SAS søker passasjer Ronkan Gilbert».
Eg veit naturligvis ikkje om det er slik denne passasjeren stavar namnet sitt. Eg veit berre at det var slik namnet høyrdest ut då det blei lese høgt og tydelig over høgtalarane på Gardermoen, av ei saklig kvinne med nordnorsk tonefall.
«Ronkan Gilbert,» sa ho sakte og tydelig.
Nokon begynte å fnise.
Ho gjentok namnet: «Ronkan Gilbert»
Fleire i køen fniste no. Ein mann som blei kroppsvisitert lo høgt. Andre lo med. Folk gliste til kvarandre.
Så gjentok ho beskjeden på engelsk, og også no kom namnet fleire gonger: «Ronkan Gilbert. Ronkan Gilbert.»
Fleire og fleire lo. Folk som ikkje forstod norsk, snudde seg til kønaboane og spurde kva som var morsomt. Og folk forklarte, sannsynligvis på engelsk, kvifor det er litt artig at ei saklig stemme seier «Ronkan» mange gonger. Det er ikkje lett å forklare slikt på engelsk for nokon som ikkje kan norsk. Men det er fint at nokon prøver. Det er også ei slags kulturutveksling.
Nokon i køen syntest tydeligvis at denne fnisinga var litt i barnsligaste laget. Men dei klarte ikkje halde seg. Sjølv om dei syntest at dei burde. Og folk som ikkje klarer å la vere å le, er noko av det morsommaste som finst. Derfor lo endå fleire. Og nokon lo berre fordi alle andre lo.
Så la vi verdisakene tilbake i lommene våre og laptopane tilbake i handbagasjen, gjekk til utgangane og flaug smilande kvar til vårt.

Det er fint.

Det er i det heile tatt veldig mykje fint ein kan oppleve saman med veldig mange andre. Ein ufrivillig barnslig grisevits på flyplassen i rushtida. Ein uforgløymelig fest. Historiske storhendingar. Idrettsbragder. Finalen i ein tv-serie veldig mange har sett på. Det er mykje.

Eg vil ha dine historier. Kva er det finaste du har opplevd saman med veldig mange andre? Skriv i kommentarfeltet eller send inn er.





Are Kalvø - 15.12.2011