The Book Of Mormon

 

Eg hadde gleden av å gjendikte denne smått legendariske musikalen til norsk. South Park-skaparane Matt Stone og Trey Parker skreiv denne musikalen om unge mormonarar som møter verkeligheita som misjonærar i Uganda. Noko av det grovaste, villaste og faktisk mest rørande som har blitt skrive om religion, omskjering og aids. Det Norske Teatret sin versjon raka med seg det meste som finst av teaterprisar i Norge.

Viss du vil sjå The Book of Mormon no, så må du dessverre dra utanlands og sjå ein versjon som ikkje er like morsom som den norske var, men det er trulig likevel verd turen. 

Av Trey Parker/Matt Stone/Robert Lopez. Omsett av Are Kalvø. Med m.a. Kristoffer Olsen, Frank Kjosås, Preben Hodneland, Anette Amelia Hoff Larsen, Mimi Tamba, Marvin Amoroso, Markus Bailey. Regi: Vidar Magnussen

“Gjennomført profesjonell og presis oppsetting på absolutt alle nivå”

VG

“Showfaktoren er himmelhøy”

Dagbladet

“Grenseløst frekt og uimotståelig morsomt”

Aftenposten

Heddaprisen: Beste forestilling. Beste scenetekst.

Musikkteaterprisen: Årets forestilling

Previous
Previous

Hyttebok frå helvete

Next
Next

Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical