Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake
Den første soloforestillinga mi, sjølv om eg ikkje var heilt solo. Musikarane Ståle Sletner og Ole Marius Melhuus var med heile vegen. Dette var trulig Norges første og siste humorshow som tok utgangspunkt i tidsbruksundersøkinga til Statistisk Sentralbyrå.
Urpremiere på Det Norske Teatret i oktober 2014.Forestillinga blei spelt på Hovudscena og på Scene 2 på Det Norske Teatret i periodar tom november 2017. Forestillinga var på turne med Riksteatret og Standup Norge frå september 2015 til april 2016, og blei spelt på følgjande stader: Bergen, Trondheim, Stavanger, Stjørdal, Steinkjer, Namsos, Mosjøen, Bodø, Stokmarknes, Harstad, Finnsnes, Tromsø, Alta, Hammerfest, Kirkenes, Vadsø, Orkanger, Melhus, Stranda, Ørsta, Ålesund, Åndalsnes, Sunndalsøra, Molde, Nordfjordeid, Florø, Førde, Sogndal, Os, Bømlo, Stord, Aksdal, Sandnes, Egersund, Kvinesdal, Lyngdal, Mandal, Grimstad, Arendal, Risør, Horten, Nøtterøy, Sandefjord, Larvik, Bø, Seljord, Notodden, Ål, Kristiansand, Halden, Fredrikstad, Kongsvinger, Hamar, Elverum, Lillehammer, Gjøvik, Vikersund, Drammen, Skien, Jessheim, Fosnavåg, Ulsteinvik, Lillestrøm, Kolbotn og Moss. Altså 67 ulike scenar.
Komiprisen: Beste forestilling
Meir snadder om forestillinga og litt lyd og bilde på sidene til Det Norske Teatret.